"Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord,
den blanke himmelstjerne der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes.
Et lys er tent for det."

Seint ute som vanleg, stressa eg i går rundt frå butikk til butikk på jakt etter fødselsdagsgåver(tre stk!) og adventsstake. Eg fann ikkje nokon stake eg eigentleg likte, så derfor endte eg opp med å improvisere litt. Resultatet vart som de ser over. Eg kan ikkje seie eg er heilt fornøgd, i hovudet mitt står nemleg lysa på eit glasfat, men det fann eg ikkje, så eg får klare meg med dette i år.
Etter at eg mot alle odds klarte å finne både advents"stake" og gåver på omlag to timer, for eg heim att ein liten snartur, raska med meg eit par knekkebrød og snudde i døra. Då var det nemleg tid for lysfest! For første gong fekk eg vere med på denne tradisjonen her i Bergen. Gjett om eg stiller opp til neste år og! Snakk om stemningsfull start på advent! Riktig nok var det kaldt og surt og det drypte litt frå himmelen, men det var likevel berre utrulig stemningsfullt. Mange tusen bergensarar hadde samla seg på festplassen og videre rundt vatnet. Etter at Bjarte Hjelmeland hadde fått oss alle til å fortelle kvarandre kor glade me var i kvarandre vart alle lysa på trerne rundt vatnet, og på grana midt i vatnet, tend. Så fekk alle utdelt tende faklar. Å sjå heile festlplassen og veien rundt heile vatnet opplyste av håndholdte faklar var berre utrulig vakkert. Den som ikkje kom i det minste adventsstemning då altså... Heile festen vart avslutta med eit heidundrande fyrverkeri. Eg trur aldri eg har sett makan til fyrverkeri før. Det vart berre større og større, vakrare og vakrare, trur eg tenkte både fire og fem gongar at no, no er me komne til den store finalen, men neida, dei berre fortsatte, større og større, vakrare og vakrare. Fantastisk fint!
Etter lysfesten rakk eg heim ein liten tur før eg gjekk på lagsmøte. Her prata Tor Harald om det å vere lys og salt for verda. Eit spennande emne som vekte mange tankar i hovudet mitt i alle fall. Etter møtet var det som vanleg cafe. I løpet av kvelden vart det diskutert det eine emnet rarare enn det andre rundt bordet. Har for eksempel Norge den statusen me burde hatt i verda? Er branmann sam så uskyldig som han gir seg ut for å være? Kva "midt i smørøyet" serie var best, kva var skumlast? og til slutt.. kva har eigentleg hendt på hotel ceasar i det siste? Må sei at eg har ikkje vore så opplyst på det siste emnet sidan eg var hekta på serien (2.sesong og berre 2.sesong) og kunne namnet på alle skodespelarane (i den rekkefølgen dei kom på introen sjølvsagt.)
I dag har eg hatt ein skikkelig slapp søndag. Etter å ha dradt meg vel og lenge i senga sto eg opp, drog meg enda lengre framfor dataen før eg tok til på årets støraste oppvask. deretter rydda og ordna eg litt, hengte mellom anna opp adventsstjerna i glaset.

På bordet mitt står det forutan den vakre adventsstaken min ei stor skål med mandariner (evt clementiner) og ein boks med pepperkaker. Det er viktig med litt kos i desse dager. Mandarinene går ned på høgkant for tida. Eg et glatt fire-fem-seks om dagen. Det fins jo ikkje noko betre! Etter at eg fekk begynne på pepperkakene på fredag har det blitt ein del av dei og. Litt for mange i grunn. Eg har nemleg ein liten anelse om at det ikkje er det sunnaste eg kan putte i munnen. Er vel eit sukkerkorn eller to i dei kan eg tenkje meg...
I morgon er det 1. desember. Då får alle små og store barn opne første luka på julekalenderen sin. For første gong i mitt liv har eg ikkje våga å spørre mamma og pappa om pakkekalender. Eg kjenner eg angrar litt på det no, men samstundes så er eg trass alt 21 år no, og eg har ikkje budd heime på 5 år, så det var vel kanskje på tide. Når eg tenker meg om så hadde eg vel ikkje pakkekalender i fjor heller. Men då fekk eg, etter at eg hadde klaga min nød om manglande kalender, denne fantastiske kalenderen av mine to fantastiske veninner Solveig og Miriam!
I morgon skal eg dessutan sjå første episode av Amalies Jul! Det blir kos det! Då skal eg setje meg ned med pepperkaker, mandariner og ei flaske Hansa julebrus, synke godt ned i sofaen og kose meg med nissungen, Amalie, blomster-Johan og alle dei andre.
3 kommentarer:
hvor har du fått tak i Amalies Jul???
åååå, den vil jeg og ha!
Liv Grete! Ein vert aldri, eg gjentar aldri, for stor til kalender. Sjølv gav eg klar beskjed at i år vil eg ha julekalender(mamma gløymde det i fjor til min store skuffelse). Forresten, har du fått ny lapp i luke 24?
Sjølv har eg foreløbig verken stjerna i vindauga eller adventsstake på bordet. Skuff, eg veit! Må kjøpa! Kortid skal me ha sånn "juleverksatd"? hehe:) Eg vil laga pepperkakehus!
Amalies jul kjøpte eg på nettet, huske ikkje heilt kor, bere søkte og tok den billigste:) Såg an på sparkjøp her i Bergen og hin dagen, so han finnst i butikkane og:)
Nei, da e sant da Karoline. Men sjøl om eg ikkje har pakkekalender so har eg jo solveig og miriam kalenderen:) da e kos da! Lure på ka so står i måro...
Nei sei da... Me kan jo ta da i måro? om me begynne litt tidligare kan me jo både laga pepperkakehus og middag:) om ikkje so trur eg ikkje eg har tid denne veka vaffal, og neste veka har eg heimeeksamen:S
Ska me forresten laga fra botnen av eller kjøpa ferdig?
Legg inn en kommentar