Kor mange mandariner (ja, eg veit: clementiner) er det eigentlig forsvarlig å konsumere på ein dag? Er det mulig å få overdose av feks C-vitaminer av å ete for mykje mandariner? Kan ein risikere andre bivirkninger? dårlig mage? gul hud? hodepine? tannverk? tarmslyng?
Okey, dette begynte kanskje å bli litt over kanten usaklig, men det får så være. Poenget er eigentlig berre det at eg et mandariner for tida, mykje mandariner. På stovebordet mitt står det konstant ei skål fylt med denne fantastiske frukta. Når eg går på skulen, sjølv om det berre er for to timer, har eg med meg ein pose med to-tre-fire stk. Det er ikkje ofte eg har dei med heim att. Eg er redd det har gått så langt at eg ligg på grensa til avhengighet. Ein dag på skulen uten mandariner er eit mareritt. Det er umulig å konsentrere seg om lesinga heime utan ei mandarin i eine handa og merketusjen i andre. Eg et mandariner til lunsj, middag, kvelds og mellommåltid, korleis skal eg overleve når sesongen er over??
Eg trøstar meg med at eg har klart det før. Det er ein kamp mot abstinenser eg må overvinne kvart år. Sjølv om erfaring tilseier at det vil gå bra er det ikkje noko eg ser fram mot. Det kjem til å bli ei smertefull tid med alvorlige abstinenser og det som verre er. Heldigvis kan eg framleis leve i mandarinrus ei stund til, så for no legg eg sorgene og bekymringane på hylla, eg får heller ta dei fram att når den tid kjem.
Mandarin? anyone?
Ja takk, gjerne:)
4 kommentarer:
Trøst deg med at når sesongen er over, så smakar dei ikkje så godt lenger;)
hmm... eg leve i den tru at c-vitaminsjokk e genialt ved begynnande forkjølelse. Er overbevist om at det har redda meg mange ganger. Men kanskje det er sjølve overbevisningen som gjer at forkjølelsen forsvinn?
Eg får i meg litt anna mat og ja, litt overdrivelser er vel lov;)
Ein ting kan eg lova deg Kamilla, og da e at eg ikkje kjem til å bli lei. Eg elske mandariner, og det trur eg eg kjem til å gjere så lenge eg lever, uansett kor mykje eg et!
Men dåke har eit poeng i det at mandarinene heller ikkje er gode når sesongen er over. Eg har glømt det litt midt oppi mandarinrusen min, men det er jo ein viktig grunn til at avvenninga går bra år etter år. Det er liksom ikkje så vanskelig å gje slepp på mandarinene når dei begynner å bli tørre og smaklause... Takk for at de minna meg på det:)
Ein KAN leve av mandarinar - sjølvsagt er det berre sunt! Hallo, eg et jo det konstant - og eg er ikkje død enda:)
No ska dåkk vite det, at eg går faktisk på sykepleien, og der har vi lært både det eine og det andre. Og da blant anna i farmakologien at c-vitaminsjokk ikke funka (som eg sa), og har og lært en del ting i ernæringsforelsningen og -oppgavan i tillegg til det eg har lært før og skjønna at e ganske så logisk.
MEN eg trur nok ikke at dåkker kommer til å legg merke til store bivirkninga med stort inntak a klementina. Og død, det ska vel litt til. Men det får som regel konsekvensa med for ensidig kost. Eg trekk tilbake som regel, for det e faktisk sant ved hvert tilfelle. En kan faktisk få kroniske sykdomma som f.eks struma (vitaminmangel forårsaka av mangel på bl.a fiskemat). Og vitaminmangla som jern og kalsium.. Stor mangel på f.eks. kalsium kan før til osteoporose, beinskjørhet. Meen, eg dåkk e no ikke i den faren går eg ut i fra. ;) Bare no eg veit :P
(ikke tolk dette som et.. eh.. veit ikke ka eg kan kall det, men det eg meina e, at eg har en tendens til å virk.. veldig bestemt eller.. irettesettanes eller .. ett-eller-anna.. når eg skriv over melding. Det e egentlig ikke meininga å vær det, men eg e dårlig med formuleringe..)
Happy clementine!
Legg inn en kommentar