7.12.08

utfordring

Miriam var så "snill" at ho utfordra meg til å skrive 10 ting om meg sjølv, så då får eg vel bere gjera det... hmm... kor skal eg begynne?

  1. Eg er eit tenkande menneske. Eg tenker etter min egen smak altfor mykje. Alt eg sjøl gjer og seier analyserer eg oppi hodet mitt. På same måte analyserer eg det andre seier til meg og gjer rundt meg. Dette er ein egenskap eg absolutt ikkje liker ved meg sjølv. Ikkje sjeldan ønsker eg at eg hadde hatt ein av-på knapp til tankane mine. Den hadde i tilfellet for det meste stått på "av". Ting eg har sagt eller gjort som eg tenker meg fram til at var dumt kan plage meg i mange år framover. Plutselig dukker det opp i tankane mine. Dette bringer meg over på punkt 2.
  2. Eg kommenterer mine egne tanker høgt. Dersom du har vore litt med meg har du kanskje lagt merke til at eg stadig kjem med utsagn som "ja,ja", "uff", "Nei!", "æsj", "hmm", "ja,okey". Dette er egentlig ikkje for å fylle eventuelle pinlige stilheter eller øvrige tomrom, men berre meg som kommenterer mine egne tankar. Eg har prøvd å slutte med dette, men det er jammen meg ikkje lett. Eigentleg har det berre blitt verre i det siste.
  3. Eg kan være ganske så hissig. Treff du meg i rett humør bør du passe på hvilke knapper du trykker på. Likestilling og kjønnsroller er eit emne eg lett tenner på, så har du bastante meininger på det området bør du passe deg. Du bør heller ikkje krangle for mykje med meg når det gjeld baking. Folk har ein tendens til å røre i kakerører. Dette er FEIL! kakerører skal vendast. Då blir kakene luftige og fine. Egentlig er eg ganske kranglete når det gjeld matlaging generelt. Eg har nemlig mine meininger om korleis ting skal gjerast, og om du ikkje gjer det slik og derpå nekter å gjere det slik eg bruker å gjere det kan du risikere at eg får eit lite angstanfall. Som eg uttalte i til Solveig og Miriam i fjor: "eg får fysisk vondt inni meg når du gjer det sånn".
  4. Sjølv om eg er hissig er eg ikkje langsint. Eg kan vere ganske skarp i kommentaren der og då, men unskylder meg som oftast med ein gang (om eg ikkje gjer det skal du likevel ikkje ta det så tungt, eg er mest sannsynlig ikkje sint på deg lenger likavel;)). Sjølv om eg vil være sint lenge klarer eg det ikkje. Som oftast i alle fall. Eg kan nemlig hugse ein gang eg har vore skikkelig langsint. I fleire veker, faktisk månader trur eg, kjente eg det kokte i meg kvar gang denne personen sa eller gjorde den minste ting. Dette er den verste perioden eg har hatt i mitt liv. Ein grusom opplevelse!
  5. Eg høyrer til ein sjeldan personlighetstype. I følge ein test vi tok på Høgtun har eg ein personlighet som bare 1% av befolkningen har. Når eg las beskrivelsen av denne personlighetstypen følte eg meg ganke avslørt. Det var rett og slett ein kort oppsumering av meg og mine positive og negative sider. Det var litt skremmande at nokon kunne fortelle meg kven eg var berre ved at eg svarte på nokre spørsmål. Ein setning i beskrivelsen av personlighetstypen min bringer meg over på neste punkt
  6. "denne personlighetstypen har kanskje størst vansker av alle personlighetstypene med å finne og beholde en make". Eg er redd for å aldri finne meg ein mann og livspartner. Ikkje misforstå meg, eg er ikkje desperat. Eg har liksom ikkje angst fordi eg ikkje har funn nokon endo, det er berre det at tanken på å leve heile livet aleine skremmer meg. Tanken på å gå gjennom livet uten ein å dele det med skremmer meg faktisk skikkelig. Når eg så ser rundt meg på alle dei fantastiske menneskene som er ein del eldre enn meg og framleis ikkje har funne seg nokon blir eg enda meir skremd. Når dei ikkje finn seg nokon, kvifor skal eg?
  7. Eg er livredd for å bli vaksen. Dei siste åra har eg likevel innsett at eg er i ferd med å bli nettopp det. Det byrja med at eg gjekk frå å tenke "ååå.. så søt!" til å tenke "ååå... så søt, ein sånn vil eg ha!" kvar gang eg ser ein søt unge. Så begynte eg å drikke te. Eg som alltid har synes te har smakt bittert og fælt begynte plutselig å like det i fjor haust. No er eg nærmast avhengig. Så i sommar fekk eg plutselig eit anfall av at eg hadde lyst på tomat. Eg HATA tomat før. Heime kunne me ikkje ha tomaten i salaten fordi eg meinte smaken spredde seg og ødlagde heile salaten for meg. Men i sommar fekk eg altså plutselig lyst på det, og det var godt! Det smakte jo fantastisk! Ikkje finn eg nokon anna forklaring enn at eg er i ferd med å bli vaksen. Det heile toppa seg i haust då eg ein dag sat hos Karoline og Bjørnar og tenkte "eg har lyst på kaffi" Dette var jo ein heilt fjern tanke, for eg har alltid hata kaffi. Har aldri forstått korleis folk kan like den bitre og grusomme drikken. Men denne dagen hadde eg altså lyst på, og Bjørnar var så snill at han kokte ein kopp til meg. Eg kan ikkje sei anna enn "fantastisk!" det smakte nydelig! Etter det har eg berre blitt meir og meir glad i denne "voksendrikken". Det endelige beviset på at eg er i ferd med å bli voksen.
  8. til trass for at eg som vist over er i ferd med å bli voksen, held eg også mitt barsnlige sinn ved like. No i desember ser eg Amalies jul på dvd og fryder meg over kvar episode. Når den første snøen kom måtte eg springe ut og kjenne snøflaka mot ansiktet. Ingenting var som å gå og sparke i haustløvet då det låg tjukt på fortaua, og eg fryder meg kvar gang eg får spele spel eller "leike" med vennane mine. Samtidig blir det ikkje heilt det same. Følelsen av å være fem år og bekymringslaus får eg aldri tilbake. Desverre...
  9. Eg har enkelte sære vaner. For eksempel klarer eg ikkje pusse tenna utan å ha noko anna å gjere samtidig. Det beste er å ha noko å lese på. Om eg ikkje har ei bok eller eit blad i nærheten tar eg fatt på innholdsfortegnelsen på shampoo flasker, hudkremer og liknande produkt eg har i nærheten. Av og til må eg også undersøke om eg framleis har evnen til å børste håret og pusse tenna samstundes i behold. Det brukte eg nemlig mykje tid på å øve meg opp til då eg var liten.
  10. Eg har alltid sagt at eg ikkje skal bli lærar. Derfor var det litt skremmande då eg på første forelesning på universitetet tok meg sjølv i å tenke "eg har egentlig lyst å være den som står der framme og foreleser". Eg veit ikkje heilt kor seriøs den tanken var, men eg veit heller ikkje kva i all verda eg skal bruka juristutdanninga mi til. Kven veit kva framtida vil bringe...

Så var det spørsmålet om kven eg skal sende denne vidare til. Eg har ikkje heilt oversikt over kven som har hatt han, men eg prøver meg på Lene, Marta og Erling.

Ingen kommentarer: