11.12.08

Savn

Når ein skal jobbe med heimeeksamen er det fort gjort å finne andre ting å ta seg til. Det at ein skriv på Pc og må ha internett oppe for å ha lett tilgang til informasjon hjelper heller ikkje på konsentrasjonen. Det er fort gjort å forville seg inn på alle andre nettsider enn lovdata og rettsdata, sjølv om det eigentlig er her ein burde bruke tida.

Sjølv har eg nett komt inn att etter ein fantastisk koselig tur ute i det fine veret. Ragnhild ringte nemlig og lurte på om eg ville vere med på ein luftetur, og det var eit tilbod eg ikkje kunne sei nei til. Me tok med oss kvar vår termokopp med kaffi og tok beina fatt. Ingen av oss viste heilt kor me skulle, men beina våras førte oss først opp nygårdshøyden og så forvilla me oss vidare over brua og tilbake. Herlig med kald og frisk luft i lungane og ein varm kopp med kaffi i handa! Samtalen var heller ikkje å forakte, det gjorde godt å få snakke om litt anna enn Ot.prp'er, ordlydstolkninger og spørsmålet om Peder Valtin har "rettslig klageinteresse".

Men altså, vel heime att satte eg meg til rette med dataen på fanget og tenkte eg skulle komme raskt i gang med oppgåvekortinga mi (som for det meste går ut på å omformulere dårlige formuleringer til bedre, men lengre formuleringer. Rart, men oppgåva blir ikkje så mykje kortere av det... hjelp!). Men ettersom eg hadde vore vekke ei stund måtte eg sjølvsagt ein tur på bloggen og facebook for å sjå om nokon hadde skreve noko til meg (det var det sjølvsagt ingen som hadde, bombe!). Når det var unnagjort tenkte eg at eg måtte ein tur på heimesida til Høgtun, berre for å slå fast at det ikkje var komt ut noko der liksom(det var det sjølvsagt ikkje, nett som forventa). Og no kjem me snart til poenget med dette innlegget her. På hogtun.no ligg det nemlig link til torvikbukt.no og her finn du på venstre side ein link som heiter Webkamera. Eg havna altså her og fann meg sjøl sittande med savn i blikket framfor to bilder frå verdas vakraste bygd. SAVN!

Tankane svirra raskt tilbake til torvika i førjulstider. Å gå på tur til trimposten i kveldsmørket, sjå ned på lysa frå bygda, kjenne julestemningen synke inn over seg. Det kvite reinsfjellet som bleinka seg i sola, å gå til Joker for å kjøpe julebrus og mandariner, få raude roser i kinna, komma opp at og setje seg på tekstilen med julemusikk på cd-spelaren og god tid til å lage både julekort og julegaver.

Eg savner Høgtun, eg savner Torvika, eg savner å ha all tida mi til fri disposisjon. Ingen oppgåver som må inn, ikkje noko pensum som burde lesast, og ingen eksamen som ligg og ventar rett over jul.

På Høgtun hadde eg god tid til å få julestemning. Der gjekk det i julekaker på matlaging valgfag, julepynt og julegåver på multikunst og saum og utstyrslaging, adventsnøtter kvar einaste morgonsamling, advetsstaketenning og julesanger som vekas song.

I år har eg ikkje fått julestemning enda. Eg oppdaga i går at eg bere har ei veke att til ferie. I morgon er det 12.12 og 12 dager til jul(og Renate sin bursdag), men for meg er jula framleis ein fjern virkelighet. Eg har ikkje ein einaste gåve i boks, har ikkje laga eit einaste julekort, og har enda ikkje satt på ein julecd i leiligheten. Jula synes som noko fjernt, noko som er langt vekke og som kan hende ikkje kjem til å hende i det heile.

Eg er eit menneske som er glad i tradisjoner. Ting bør være og gjerast slik det bruker. I år er ingenting som det bruker å vere. For første gang på fem år tilbringer eg ikkje førjulstida tett oppå vennane mine på eit internat. For første gang i livet mitt tilbringer eg førjulstida i min eigen leilighet, aleine... Sjølvsagt har eg mange venner rundt meg, og eg tilbringer mykje tid med dei, men det er likevel ikkje det same. Dessuten er og har me alle vore opptatte med oppgåver og eksamenslesing. Det er så mykje som skjer og så mykje som skal bli gjort at adventstida og juleforberedelsane kjem i andre rekke. Dette er nytt for meg og eg veit ikkje heilt om eg liker det.

Om 13 dager er det altså jul. Då har eg forhåpentligvis fått laga, kjøpt, sent og levert alle julegåver. Julekort er kanskje laga og sendt, kanskje ikkje. Eg er heime og har kan hende fått litt julestemning. Eg håper i alle fall at stemninga kjem når eg kjem heim og får satt meg sjølv i sving med julekakebakst og gode greier.

Men først, ja no, må eg sjå til å få gjort ferdig heimeeksamenen. Så no får bere advent vere advent og jul vere jul. No er det nemlig Peder Valtin, Preben Ås, Lars Lie, Britt Holm, Sture Vik, Svanhild Mo og alle dei øvrige innbyggarane i kystkommunen Skreivik som er viktige.

Eg savner Høgtun, eg savner Torvika, eg savner internatlivet og eg savner julesteminga mi

Savn...

1 kommentar:

Karoline Sofie sa...

Stakker Liv Grete!! Eg skjønar veldig godt kva du meiner med manglande julestemning. Eg hugsar ikkje kva det er ein gong, er så mange år sidan sist. Dessuten er ikkje du den einaste som ikkje har begynt på julepresangar og kort og diverse! Eg har ikkje kjøpt ein einaste ein eg heller! :/ Eg har ikkje den ringaste anelse kva eg skla kjøpa til Bjørnar! Eller mamma, eller pappa, bror min, mormor, morfar....ai ai ai! Eg treng seriøst hjelp! :/