Du merker det i det du opnar augene; dette er ein dårlig dag. Alt synes svart, grått og trist, leiligheten er rotete, du veit at på kjøkkenet er det kaos. Dersom du vil ha reine klær å gå med i morgon bør du vaske ei maskin eller to. Du er trøtt. Har så og sei ikkje vore heime dei siste tre-fire dagane. fekk ikkje lagt deg før klokka var kvart på fire i natt. Heimeeksamen ligg og venter på deg. Du fekk han på fredag, har så vidt fått tid til å skumma gjennom, berre for å sjå at her er det utrulig mange tråder som skal nøstas opp i.
Du snur deg rundt, orker ikkje ta stilling til alt, prøver å få sove att. Ein time med underlige drømmer avbrutt av simon and garfunkel kvart 9. minutt ligg foran deg. Draumane veksler mellom basisgruppe, bks-julebord og jakten på kjærligheten. Ein heilt "logisk" kombinasjon. Korleis jakten på kjærligheten klarte å snika seg inn er eit mysterium. Du har aldri fulgt med på serien. Så handla den delen av draumen også mest om at du var i studio og spiste opp kakene deltakarane skulle få etter at dei hadde kunngjort kven dei hadde valgt. Igjen, heilt logisk, kakene var nemleg kremkaker, du er ikkje spesielt glad i kremkaker. I draumen sprang du mellom Tv-studioet og gutane på basisgruppa som sat og såg ein svært dårleg film i ein sofa på ein terrasse, denne terrassen var forøvrig i samme bygg som tv-studioet til jakten på kjærligheten. Du slår til sist opp augene, innser at dette ikkje går. Før eller sidan må du ut av den varme, trygge senga og møte dagen. Du set beina på golvet, uheldigvis med feil fot først.
Etter ein kort tur på badet står frukosten for tur. Du har ikkje brød, ikkje knekkebrød heller. Ligg visst nokre rundstykker i fryseren, men dei er frossne. Heldigvis har du litt melk i kjøleskapet og vatn i springen, du bestemmer deg for å lage havregrynsgraut slik du liker den best, med litt melk og litt vatn. Då ser du at gryta står skitten på oppvaskbenken. Du gidd ikkje vaske den, i staden konkludere du med at du kan lage graut på Høgtun vis, meg vatn frå vannkokaren. Du fyller den og set han på. Går inn i stova og ventar på at vatnet skal koke. Det er da du kjem på at du gjekk tom for havregryn tidligare i veka. Du irriterar deg høglydt. Sidan du bur aleine er det ingen som høyrer deg. Du kjenner du blir litt frustrert over det akkurat i øyeblikket. Ein god klem frå nokon som brydde seg hadde nemlig gjort seg no. Etter litt romstering i kjøleskapet finn du litt kornblanding. Du har absolutt ikkje lyst på det, men frukost må du ha, så du må berre ta til takke med det. Sidan det ikkje vart graut av det kokte vatnet kan du no bruke det til ein stor kopp med te. Sidan det er 2. søndag i advent vel du adventsteen din. Eit lyspunkt i ein ellers mørk morgon.
Du skrur på dataen. Set deg godt til rette med eit teppe over deg og daten på fanget. Du prøver internett, det virker ikkje. Du må opp og romstere litt. Av og på med routeren, inn og ut med kabler og kontakter, til sist virker det. Du set deg på ny til rette i sofen. Et kornblandingen du ikkje hadde lyst på og drikk teen, samtidig som du svarer på alle dei teite julekalenderene du har begynt på på internett. Du kjenner du er litt irritert over at du ikkje har fått svart dei siste to dagane. Typisk at det var akkurat dei dagane du ville vunnet. Samtidig lurer du litt på kva du egentlig skal med 5 kg sjokolade...
På facebook gjer du det du egentlig synes er tåpelig. Du bruker statusfeltet til å fortelle heile verda at du egentlig ikkje har ein særleg bra dag. Du får straks respons frå to gode veninner. Det gjer godt, du kjenner humøret blir litt bedre. Så ser du at du har fått ein melding frå ei på basisgruppa i på "tavla" di. Du må trekke på smilebåndet og le litt. Intern humor er ein fin ting. Etter forrige basis har vi nok av det. Humøret er på veg oppover, men du ser framleis mørkt på dagen. Så kjem du på at du skal på adventskos med Høgtun-gjengen i kveld, at det ligg ein episode med greys anatomy på nettet som du ikkje har sett enda, og at i veska ligg ein pakke med poppcorn du fekk på julebordet i går då du vart kåra til "årets nykommer" i BKS. Sjølv om humøret framleis ikkje er på topp har det som var heilt svart for ein time sidan, begynt å få ein lysare gråtone. Du innser at egentlig har du det veldig bra, egentlig har du absolutt ingenting å klage over, egentlig burde du heller bruke tida på å takke for alt du har, og alle dei du har rundt deg som bryr seg. Det er ikkje alltid like lett å rulle seg ut av sjølvmedlidenheten, men du bestemmer deg for at du no skal gjere eit ærleg forsøk....
1 kommentar:
Off, stakkar liten! :/ Eg skjønne veldig godt ka du meine! Av og te so får du berre sånne daga der du vil begrava deg ned i senge med dyno trekt godt øve hove og venta på neste dag. Håpe alt e bra og at dagen din blir bedre ittekvert! :)
Legg inn en kommentar