Neeeeiiii... no vil eg ikkje lese fleire bloggar, eg vil ikkje åpne fleire luker på diverse julekalendere bare for å svare på dumme spørsmål i eit håp om å vinne teite premier. Eg vil ikkje lese fleire nettaviser, sjå fleire profiler på facebook eller skrive fleire innlegg på bloggen min. Eg vil derimot opne lovsamlinga på lov av 10 februar 1967, finne fram oppgåve 6, 7 og 8 med tilhøyrande notat frå arbeidsgruppa, tenne ei stor og skinnande lyspære over hovudet mitt og deretter skrive tre heilt geniale svar på oppgåvane.
Kvifor gjer eg då det eg ikkje vil framfor det eg faktisk vil?
Kan nokon lære meg å forstå meg sjølv??
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar