10.12.08

Heimeeksamen

Eg er ganske sikker på at dei stakkars juristane som skriv eksamensoppgåvene er juristar som stadig slit med traume etter sine eigne eksamensoppgåver. I eit forsøk på å ta igjen for dei håplause oppgåvane dei sjølv vart tvunge til å løyse, lager dei enda verre oppgåver sjølve. Jo verre oppgaver dei lager, jo meir fryder dei seg, og deira eigne traumer synes å forsvinne for ei lita stund.

Dessutan trur eg dei har konkurransar seg imellom. Dei konkurerer nok i fleire kategoriar. Mellom anna kan ein vinne ein stor pris for å skrive den oppgåva med flest bisarre men likevel relevante opplysningar. Vidare er det premie for den oppgåva med flest karakterar med underlige namn involvert, og for den oppgåva som klarer å trekkje inn flest ordlydstolkninger og fjerne forarbeid kan ein vinne ein ekstra gjev pris. Sjølve hovudgevinsten, den store vandrepokalen, går til den som skriv den oppgåva som får flest studenter til å henge seg opp i uvesentlige faktum og oversjå det eigentlege poenget med oppgåva.




Når eg blir stor skal eg bli eksamensoppgåveforfattar...

1 kommentar:

Andreas sa...

For en utenforstående som meg, kan det nesten høres ut som du har hatt en traumatisk eksamensopplevelse. Jeg er forsåvit glad du ikke skal lage eksamensoppgaver til meg. ;) Lykke til videre.