6.9.09

Herre, gje meg dine auge

Herre, gje meg dine auge,
så eg ser når andre har det vondt.
Herre, gje meg dine auge,
så at eg kan skimte smerte gjennom smil.

Herre, gje meg dine øyre,
så eg høyrer hjertets stille gråt.
Herre, gje meg dine øyre,
så at eg kan høyre tause rop om hjelp.

Herre, gje meg din munn
som seier ord som gleder.
Ord til oppmuntring,
ord til trøyst,
ord som gjev håp.

Herre, gje meg dine hender
som alltid mot alle er strakt ut,
som klappar ei nedtyngd skulder,
som stryk bort ei tåre, som gir og tar i mot.

Herre, gje meg av ditt hjerte,
så eg lir med menneske som lir,
så eg gler meg med dei glade,
så at eg kan elske, elske slik som Du.


Sølvi Helen Hopland

1 kommentar:

Anonym sa...

takk Liv Grete!
du gir meg tårer i øynene og Høgtunsavn:)
klemmmm