I går fekk me utlevert den obligatoriske kursoppgåva (heimeeksamenen). Faktum skuffa ikkje denne gangen heller. Eg sit att med ein aukande frustrasjon. Eg veit ikkje heilt kven eg skal vere mest irritert på, Peder Ås, Kari Holm eller Hans Tastad. Her snakker vi dum, dummere og dummast(ikkje nødvendigvis i den rekkefølgen som her)... Bere so synd at deiras dumskap går ut over lille uskuldige Lars Holm. Stakkars guten endte opp med hjerneskader på grunn av tre voksnes dumskap. Verda er urettferdig.
Faktum er som følgjer(fritt etter hukommelsen):
Det er ein fin sommardag, borna til Peder Ås har lyst å bade. Sjølv om Peder veit at det bruker å komme naboungar som vil bade når bassenget står på fellesarealet, borna hans har fortalt at særleg Lars Holm er plagsam, set han det opp der og fyller det med vatn. Peder har nemleg laga platting i sin hage så det blir for hardt å setje bassenget der, plenen på fellesarealet er mykje betre. Når bassenget er ferdig fylt går han inn til borna sine som vil ha lunsj før dei skal ut å bade. Bassenget blir altså ståande utan tilsyn.
Eit lite stykke bortanfor er Kari Holm ute med Lars, sin 2 år gamle son. Lars syns vatn er kjempeartig og peiker begeistra bort på bassenget som Peder er i ferd med å fylle. Kari er imidlertid meir opptatt av at Lars har begynt å bli litt raud av sola. Ho spør to 6 år gamle jenter som driv og leiker med ein kattunge om dei kan sjå etter Lars medan ho går inn og hentar solkrem.
Så snart mora er borte får Lars det for seg at han skal bort til bassenget. Peder er no gått inn, så bassenget står utan tilsyn. Dei to jentene passar å begynne med på Lars, men då kattungen finn det for godt å gå andre vegen følgjer dei etter. Ein kattunge er trass alt meir interessant enn lille Lars.
Lars kjem seg tilslutt bort til bassenget. Der flyt det eit spanande badedyr som han gjerne vil ha tak i. Lars lener seg over kanten og...
Ring-Ring-Ring... Hans Tastad, pensjonistnaboen til Lars og Kari sit på terrassen og drikk kaffien sin. Han har følgt med på alt som har skjedd, fått med seg at bassenget står utan tilsyn, at Kari gjekk inn og gav ansvaret for Lars til to seksåringar, at seksåringane forsvann med kattungen, at Lars lente seg over bassengkanten..
Men oi.. der ringte telefonen, Hans går inn for å svare...
Etter dette vil dei at vi skal finne ut om
1) Peder er erstatningsansvarleg overfor Lars
2) Peder er erstatningsansvarleg overfor Kari (som hevdar ho fekk sjokkskadar då ho kom ut att etter 10-15 min og fann guten sin bevisstlaus i bassenget. Ho fekk vidare depresjonar og vart arbeidsufør)
3) Hans er erstatningsanvarleg overfor Lars (ettersom han såg kva som skjedde men ikkje greip inn)
4) Hans er erstatnignsansvarleg overfor Kari.
Mitt spørsmål til dykk er
1) kven er her dum, kven er dummare og kven er dummast??
2) kven syns de eigentleg bør betale erstatning og kven bør gå fri?
5 kommentarer:
Hmmm... greit alt dette - men... ta ein kikk i ordboka på "ovanfor" og "overfor"... Please?
oups...
sånn, riktig no?
Forresten, du svarte ikkje på spørsmåla mine... svar... Please?
:P
Ai ai ai! Dekan får virkelig nokre fantastiske oppgåver! Eg vil sei at Peder er dum, Kari er dummare og Hans er dummast.
Kvifor: Peder let bassenget stå fullt opp med vatn utan tilsyn, noko som er dumt, men foreldre plar sjeldant tenkja lenger enn sine eigne barn. Som eg vil sei er til dels forståeleg. (Kanskje han har eit par skikkelege dretungar som treng hans fulle og heile oppmerksomheit...?)
Kari overlet ansvaret for sin baby til to andre små born! Og i tillegg veit ho(eller burde absolutt veta) at vetle Lars var veldig ivrig på å gå bort til bassenget! Er det så mykje vansklegare å ta med seg vetle lars inn enn å la han vera igjen ute?
Og so Hans, han har sett alt som har skjedd. han ser til og med den vetle guten lena seg over kanten på bassenget. Då er det veldig NATURLEG å gripa inn!!! Eit normalt menneske tenkjer kanskje, "hmm, den vetle guten som er for liten til å kunna svømma, lener seg over kanten på eit basseng med ingen andre til stede. Eg burde gå bort å passa på slik at han ikkje dett uti og druknar!" Drmed er Hans etter mi meining definitivt dummast!
;)
Forresten, skikkelig synd at du ikkje kan bli med på tirsdagsmiddag! :( Eg føle da kjem til å bli skikkelig vanskelig å få alle samla kvar veka...
Enig med Karoline Sofie!
Legg inn en kommentar