Eg har vakse opp med nynorsk som hovudmål. Gjennom heile barne- og ungdomsskulen var det dette som var språket mitt. Ettersom eg las svært mykje bokmål skreiv eg likevel godt bokmål og, men fram til og med ungdomsskulen klarte eg fint å skilje mellom dei to målføra utan nemneverdige problem.
På vidaregåande vart det verre. Plutseleg var det fleire av lærarane mine som brukte bokmål i undervisinga. Det vart naturleg for meg å notere og skrive oppgåver på det målføret som læraren brukte. Utan at eg sjølv heilt fekk det med meg tok bokmålet meir og meir over som mitt daglege skriftspråk. Plutseleg var nynorskstilane mine mykje raudare enn dei burde vere for ei "strilejente" som meg. I staden for å prøve å gjere noko med det valde eg heller å hoppa over gjerdet der det var lågast og brukte heller bokmål i fleire og fleire samanhengar.
To år på folkehøgskule gjorde det ikkje betre. Det meste eg skreiv desse åra var meldingar, e-post og bloggar, medium kor rettskriving er underordna og ein salig blanding av dialekt, nynorsk og bokmål glatt vert godteke. Språkkjensla mi glei sakte men sikkert lengre og lengre vekk. At eg nesten ikkje las skjønnlitterære bøker desse åra hjalp heller ikkje på problemet.
Då eg byrja å studere vart det av grunnane ovanfor naturleg for meg å nytte bokmål. Dessutan var pensumlitteraturen på bokmål, forelesarane i ex.phil og ex.fac nytta bokmål og ikkje minst, eg var fullstendig klar over at eg skreiv betre bokmål enn nynorsk.
Utan at eg eigentleg hadde tatt eit medvite val, var det plutseleg bokmål som var mitt skriftsspråk. Sjølv om eg eigentleg hadde eit ynskje om å bruke nynorsk visste eg at tekstane mine då ville innehalde mykje meire feil. Med mine perfeksjonistiske tendensar gjekk ikkje det, så igjen hoppa eg over der gjerdet var lavast.
I det siste har eg fått eit sterkt ynskje om å ta nynorsken tilbake. Det er eigentleg nynorsk som er mitt språk, det er dette eg synes er vakrast, det er dette som ligg nærast dialekten min, det at eg skriv bokmål kjem eigentleg ikkje av noko anna enn latskap. Det vil eg no gjere noko med! Gje meg nynorsken tilbake!
Eigentleg har eg tenkt dette lenge. Eg har berre ikkje gjort noko med det. Det at eg no faktisk prøver å gjere ein innsats for å ta språket tilbake kjem av denne enkle grunn:
"jenter som skriver nynorsk får A, gutter som skriver nynorsk får B, jenter som skriver bokmål får C, gutter som skriver bokmål får D" (sitat foreleser i kontraktsrett 1)...

6 kommentarer:
Eg er stolt av deg Liv Grete!:) Det er viktig å halda nynorsken i live! Nynorsken forsvinn berre meir og meir. Det er så synd for tross alt er det jo nynorsken som er mest "norsk". Den er jo bygd på dei norske dialektane, forutanom overklassen, snakka resten av Noreg dialekt. Go nynorsk! ;)
Ja til nynorsk:D
Alle som skriv i-mål, fær A!
Godt å sjå at du har teke til fornuft, kjære Livi! Eg er stolt og glad:D
Lenge leve nynorsken!
Eg tykkar godt om detta målføret, og nyttar høvet til å gjeva min tilslutning til at du nyttar detta skrivamålet. Så får eg som er bokmålsgut og oppvaksen med eit bokmålsliknande skrivamål nytta det, sjølv om eg i følje deg då ikkje kan venta å få betre enn D.
hehe... det er ikkje i følgje meg, det er i følgje forelesaren min. Dessutan trur eg at den regelen gjeld først og fremst på juss, så du er nok trygg;)
Legg inn en kommentar