Eg har alltid hatt lyst på krøller, heile livet mitt har eg vore misunneleg på alle med søte korketrekkarar i heile håret. Mange gongar har eg spurd meg sjølv kvifor Gud skapte meg utan slike. Eg meiner, vil ikkje Gud det beste for oss? Eg har beint ut syntes det har vore urettferdig at eg ikkje har krøllar men bere litt fall liksom. Bror min har krøllar. Egentlig har han ganske fine også, men han har jo ikkje vet til å utnytta dei. Joda, han har langt hår så ein ser jo forsåvidt krøllane, men tingen er at han bere børstar dei ut... håplaust. Hadde eg hatt hans hår, ja då skulle det nok blitt fine krøllar då! Men,men so har no Gud ein gang skapt meg utan desse krøllane. Her om dagen fann eg også ut kvifor! Som sagt, Gud vil det beste for oss! Bildet seier vel resten sjølv....
1 kommentar:
Syns du var søt me krullar eg, kjære Liv Grete:) Håpe du he en fin dag;)
Klem
Legg inn en kommentar