Om to minutt er det risengrynsgraut til middag her på Høgtun! Eg gleder meg! Risengrynsgraut er noko av det beste eg veit (har alltid lurt på kvifor, det smaker jo ikkje so mykje egentlig...)!
Før eg går for å ete middag vil eg rette ein stor takk til den som oppfann risengrynsgrauten (korleis kom nokon på å ta litt ris, mykje meir melk og så la det stå og koke til konsistensen vart passelig? Hmm... matlaging er i grunnen ganske facinerande! Korleis kom nokon på å koke poteter feks! Det tar jo evig lang tid å koke dei, trur aldri eg hadde gidda å vente så lenge om eg var førsteman til å teste kva som skjedde dersom eg putta ei potet i kokande vatn... ehh.. ja, tilbake til saken...) Tusen takk kjære den det gjelder! Lørdagane mine hadde vore mykje fattigare dersom du ikkje hadde komt på den geniale iden som førte fram til grautkoking.... (jada, eg veit at den personen som fann på dette er død for lenge sidan, men har det noko å seie då?dette innlegget er jo tross alt heilt på jorde frå før av so kvifor ikkje?)
1 kommentar:
i dag såg eg to juristar på tv, og så tenkte eg på deg;)
Legg inn en kommentar