16.2.08

Eg veit kva eg vil til hausten!!!!!

Tru det eller ei, men no har eg endeleg bestemt meg for kva eg skal studera til hausten. Som de veit har eg lenge tenkt og tenkt, undra og fundert over det store spørsmålet, men her ein dag kom svaret plutseleg til meg! Eg skal bli jurist! Eller, eg skal i alle fall søke på profesjonsstudie i rettsvitenskap på universitetet i Bergen og so får me no sjå koss da går derifrå! Det er so utruleg godt å ha bestemt seg! Eg kjenner liksom bere korleis roen har senka seg over meg! Utruleg deilig! So får me håpa at eg kjem inn og at eg vil lika studiet dersom eg kjem inn... har ikkje særleg lyst å bruka enda eit år på å tenka og fundera på kva eg skal til hausten...

jaja, no må eg begynna å gjera nåke vetig! Detta innlegget hadde nok aldri sett verdsvevens lys om da ikkje va for at eg hadde ørten ting eg helst ikkje vil gjera å gjere....

2 kommentarer:

Anne Severine sa...

Hei hei Liv Grete!
Gratulerer med å ha funne ut kva du skal til hausten! Vi fant det ut begge to, til slutt, og godt var det;)hehe... Gledar meg til å besøke deg i Bergen! Og skulle du finne på å ta turen gjennom Drammen etter 24 august, så er det berre å stikke innom;) Hehe...
Klem

hlewagastiR sa...

Jurist? Jaja, korfor ikkje. Hørest eigentleg spanande ut... So vart det iallfall ikkje lærar eller sjukepleiar du søkte på.