8.1.08

ei frustrert melding frå meg!

For tredje år på rad sit eg no frustrert med datamaskinen framføre meg. Eg har søkt, leita og lest på ymse utdanningssider, har tatt interessetester og evnetester i hytt og pine, men er framleis ikkje noko klokare. Kva skal eg bli? Kva for ei utdanning passar for meg? Passar eg best som jurist, lærar, samfunnsvitar eller noko heilt anna? Kven er eigentleg eg?
Her på skulen pratar ofte lærarane om at forskning viser at elever på fhs vel riktigare utdanning enn dei som startar rett etter vgs. Rektor bruker også å seie til oss stipendiatar at vi som har gått to år må no i alle fall velge riktig! Eg føler det ikkje slik. Eg kjenner det meir som at eg tuslar rundt i totalt mørkre utan å vite verken fram eller bak på verden kring meg. Studier som høyres spennande ut fører fram til yrker eg ikkje vil ha. Yrker eg vvil ha krevjer, eller forresten, eg veit ikkje kva yrke eg vil ha så det kan eg ikkje sei noko om...
I dag har eg kome så langt at eg veit at:
- eg skal ikkje bli lege
- eg skal ikkje bli sjukepleiar
- eg skal ikkje bli noko anna innanfor helsevesenet
- sosiologi studiet høyres spennande ut
- yrkene ein kan få etter sosiologistudiet vil eg ikkje ha
- kanskje læraryrket ikkje er så uaktuelt som eg har påstått heile livet...
- eg har lyst å kunne jus men ikkje fullt så lyst å studere det..
- eg må gå og ete lunsj no....

1 kommentar:

Anne Severine sa...

Hei Liv-Grete
Eg kjenner meg igjen i din frustrasjon... opplever no akkurat same problemet! Men veit du kva? Du finn det ut til slutt! Det er eg heilt sikker på! Legg det i Guds hender og han vil vise deg kva du skal vert!!
Håper du har det fin!
Klem klem