Etter den offesielle avsluttninga med taler og styr kom me til den verste delen. Alle i salen, altså alle elever,lærere og foreldre danna to ringar rundt gymsalen og me song velsignelsen saman. Det var både den finaste og tristaste avslutniga eg kan tenke meg. Gjennom heile året har denne sangen på ein måte vore vår song, so det var den perfekte sangen å synga, samtidig blei det utrulig trist å stå der og synga den for aller siste gang saman! Etter på samla alle elevane seg i eit hjørne av gymsalen til felles klemme, grine og farvell stund(bildet). Trur det er mange år sidan eg har grene so mykje framfor så mange folk!
Året på Høgtun har bere vore utrulig bra! Eg har fått mange fantastiske venner og fått opplevelser og minner eg aldri vil glømme. Tusen,tusen takk til alle dåke om har vore med å gjere året på Høgtun til det det har vore! De er fantastiske ALLE sammen!
Eg er dessutan so utrulig heldig at eg skal tilbake til Høgtun til hausten. Det gler eg meg veldig til. Sjølvsagt vil det bli rart å sjå at skulen inntas av ein skokk med andre folk enn "dei riktige" men eg trur det blir utrulig bra! Dessuten er eg jo då so heldg at det garantert passer for meg å komme på volleyballhelga og ettårstreffet:D Det blir spennande å sjå kva slags folk som kjem og korleis samansettinga av kullet blir. Det blir jo også mest sannsyleg full skule til neste år, so det blir nok litt annleis en i år!
No lurar de muligens på kva såre fingertupper har med avsluttninga å gjere. Då kan eg fortelle dykk at det er eigentleg ikkje so mykje, skjønt ein viss samanheng er det jo. Dei såre fingertuppane kjem nemleg av at eg har begynnt å spele gitar. Eller, spele og spele, eg veit no ikkje heilt om det kvalifiserer til å bli kallt det enda. ehadde seg nemleg slik at etter at eg kom heim frå skulen fekk eg plutselig veldig mykje tid og veldig lite å bruke den tida på. Ein kveld medan eg satt der og kjeda meg datt plutselig tanken om at eg har tenkt å lære meg å spele gitar til neste år ned i hovudet. "kvifor ikkje begynne med ein gong?" tenkte eg og fann fram den heller lite brukte gitaren til mamma. Eit lite søk på nettet seinare hadde eg funne meg eit heilt gitarkurs eg kunne prøve meg på. Riktignok har eg litt problem med å følge programmet slavisk, det er jo bere kjedelig, nei her går me rett på leksjon 26 med ein gong... Uansett, det er i alle fall utrulig artig. Gitaren har fått plass på rommet mitt og kvart eit ledig minutt blir brukt til å øve.
Om du les dette og tenker at du og kunne tenke deg å lære å spele gitar, ja då vil eg anbefale deg sida www.spill-gitar.com