Av og til lurer eg på om eg er heilt normal. Ikkje det at det å vere normal er noko ein eigentleg bør strebe etter, ikkje det at eg har eit sterkt ynskje om å vere nett som alle andre, men likevel høyrer eg av og til ein liten stemme oppe i hovudet mitt, ein stemme som seier "No oppfører du deg ikkje heilt normalt Liv Grete". Seinast i går høyrde eg denne stemmen. Det var ikkje noko stort sprell som framkalla tanken, nei heller eit lite. Eit ganske så lite sprell var det. Eigentleg kan eg vel ikkje kalle det eit sprell heller. Det var faktisk berre eit lite smil. Riktignok utvikla dette smilet seg til å bli eit lite flir, men noko stort sprell kan ein likevel ikkje kalle det. Kvifor fekk så dette lille smilet/fliret meg til å tenke noko slikt om meg sjølv? jo, eg gjekk nemleg heilt åleine rundt omkring i bergen då eg plutselig måtte smile. Grunnen hugsar eg ikkje nett no, kanskje var det ein tanke eg fekk, kanskje var det eit menneske eg såg, kanskje var det noko heilt anna. Uansett, smile måtte eg. Og så vart eg i så godt humør at eg beint ut måtte le litt og. Der eg gjekk mot torgalmenningen måtte eg plutselig flire. Det var da tanken slo ned i meg "du er ikkje heilt normal Liv Grete" Trist som det enn er, det er faktisk sanninga. Det er ikkje heilt normalt å gå rundt åleine og flire for seg sjølv. Sjølv har eg mange gangar rista på hovudet og tenkt mine tankar om folk som har oppført seg liknande. Eigentleg er det jo heilt håplaust! Kvifor skal me vere så opptatt av å heile tida oppføre oss normalt? Heldigvis var eg i så godt humør i går at eg lot ikkje denne tanken skremme meg. Eg bere fortsatte å smile og le eg, uten å tenke meir på om eg var normal eller ikkje...
Neste gang DU går rundt i byn må du sjå deg litt meir rundt. Ikkje bere gå med blikket festa på målet ditt, men sjå, høyr og observer det som skjer rundt deg. Legg merke til dama som spring vaklanda bortover med stiletthelane sine, høyr litt på gatemusikanten som speler time etter time, dag etter dag, sjå på fjortisjentene som sprader rundt i nyeste mote(og pris deg lykkeleg for at du er ferdig med den tida), gå bort til Megafon-selgeren som står på hjørnet og roper "komåkjøp-komåkjøp" og kjøp eit blad av han, spark litt i det høstfarga løvet som ligg langs fortauet og smil til ein ukjent forbipasserende. Opn augene dine og sjå det som skjer rundt deg så skal du bere sjå at du begynner å smile og le for deg sjølv du og:-)
2 kommentarer:
Bra poeng Liv Grete! Vi må lære oss å bryte meir med sosiale konvensjonar!
helt enig me d Liv Grete!! Hatt lignande opplevelsar sjøl, hehe;) Kult at du oppdatera!!:) Håpe du he d fint!! Klem klem
Legg inn en kommentar