I helga har det vore volleyballhelg på skulen. Dette er ei helg kor tidligere kull kjem tilbake fo4r å treffe kvarandre og for å spele volleyball(skulens store sport) mot kvarndre, lærarlaga og årets kull. I år var det kull heilt tilbake til 98/99 som stilte lag (og dei vann som dei ofte gjer i begge klasser...) Det har vore ei heilt fantastisk helg. Ganske mange fra fjoråret klarte å presse ein tur til Høgtun inn i kalenderen so me hadde både eit guttelag og to jentelag (ja, kullet mitt altså, eg holdt meg som vanleg for god til slike sportslige utskeielser;). I tilleg var det ein del som bere kom for å treffa gamle kjente att! Utrulig koselig:-D Sjølv har eg hatt ei heilt fantastisk helg. Det var så godt å sjå fjorårets elever tilbake her kor dei høyrer heime! So var det samtidig veldig kjekt å sjå at årets elever spelte volleyball, prata med folk og koste seg! Døgnets 24 timer blei også maksimalt utnytta denne helga. Dette merker eg ganske godt i dag for å seie det slik... Søvn er i grunnen ikkje så oppskrytt som mange meiner;-)
Nei, no må eg tutla og gå. Skal på konsert i cafeen med høgskolen i nord-trøndelag. Dei skulle visst spele rock og pop fra 70-tallet og utover så det kan jo bli artig:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar