23.2.10

kan kornblanding med youghurt godkjennast som middag?

du syns ikkje det nei?

kva om eg et dessert etterpå då?
"Report of the Secretary-General on Ethiopia and Eritrea"

????

"Special report of the Secretary-General on the United Nations Mission in Ethiopia and Eritrea".

????

Eg saknar den store raude boka.

!!!!




Trudde ikkje det var engelsk eg skulle studere på Dragefjellet...

22.2.10

Kjære Gud 2

Du har overbevist meg. Eg trekk tilbake det eg ba deg om tidligare. Ikkje ta snøen vekk enda. La den fortsetje å dale ned kvit og lett, leggje seg som eit mjukt teppe over Bergen. La snøen lage godlydar for kvart skritt eg tar. La snøfnugga danse muntert på veg mot bakken. La dei leggje seg mjukt over kåpa mi, la dei smelte i håret mitt, danne dropar som skin som diamantar.

Og du Gud, det hadde vore grådig kjekt om du kunne tatt ein samtale meg det juridiske fakultet og fått dei til å utsetje eksamen ei veke så eg faktisk fekk tid til å ta meg ein tur ut i den nydelige snøen din og...

Kjære Gud!

Eg trur det er på tide med ei lita oppklaring. Du veit alle dei bønnene eg sendte opp som lita jente (og litt større) kvar einaste vinter. Stemmer, dei om du kunne vere så snill å la det snø og la det vere kaldt heile vintaren så snøen vart liggand ja. Dei gjeld ikkje lenger. Berre slik at du er på det reine med det. Eg set sjølvsagt pris på at du endeleg svarar på desse årelange bønnene. Bønnesvar er jo alltid kjekt. Men det er noko med det at eg no bur i ein kald leilegheit som krevjer ein del straum for å vere leveleg og at eg betaler denne straumen sjølv. Vidare er det noko med at det ikkje er lik kjekt å vasse i snø til skulen kvar dag som det var å ake etter skuletid i barndommen. Å gå på trynet på dei glatte fortaua er heller ikkje like morosamt som det ein gang var å leike felleleiken på skuleplassen...

Misforstå meg rett. Det er kjekt med snø og det er kjekt med vinter. Men det begynner å bli nok no. Det held. Du kan godt sende våren til Bergen. Det hadde ikkje vore feil liksom...

19.2.10

Vil du vere med å klatre?

Då har eg kjøpt meg klatresko og sele, eg har vore ei helg på klatrekurs, og i går fekk eg endelig brattkortet. Eg er beinklar for å klatre. Mykje.

Nokon som vil vere med?

5.2.10

hmm...
Eg strekke på beinet. Neh.. eg kan ikkje høra at da knirke. Bøye armen eit par gonga. Nei, da e vist godt smurt dar og. Tar ein kikk i spegelen... phu.. ingen gråe hår i sikte.

kanskje det ikkje er så gale å bli 23 likevel?

1.2.10

I dag vakna eg heilt overbevist om at eg hadde slått ut to av fortenna mine i løpet av natta...

Eg har dessutan senka ein seglbåt i natt. Det gjorde imidlertid ikkje så mykje. Eigaren bere snudde på nokre steiner og plukka den opp att. Den var nemlig krympa til ein liten modellbåt.

23.1.10

Hugsar du fjortistida di? Eg har i dag tatt ei reise tilbake til mi. Det var ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. Berre å setje på Westlife og "flying whithout wings" det, så er eg tilbake med ein gong.

Det er morosamt korleis ein sang kan bere med seg så mange minner.

17.1.10

Boller i ovnen

Nokre dagar berre er sånn. Du har ikkje noko val. Allereie frå du slår opp augene veit du det. Det er ein slik dag. Ein slik dag kor du ikkje får gjort noko av det du hadde planar om å gjere. Ein slik dag der hovudet berre er fullt av for mange tankar på ein gong. Ein dag der du angrar på at du bur aleine, for du skulle så gjerne hatt nokon å vere med, men samstundes orkar du ikkje tanken på å løfte ein finger for å få kontakt med ein av alle dei vennane du har berre nokre minutts gange unna.

Det er ein slik dag.

Heldigvis hadde eg ingrediensane til bollar i skapet. Dagen er redda!

11.1.10

nytt og bedre liv?

Til jul fekk eg "evnen til å stå opp før halv ti". Dette hadde vore ein veldig praktisk evne om eg berre hadde fått den til å fungere. Sissel, som eg fekk evnen av, meiner den vil fungere heilt fint om eg berre følgjer den vedlagte bruksanvisninga nøyaktig. Det kan nok hende at ho har rett i dette, men diverre for meg er ikkje eg den beste på å følgje bruksanvisninger... Planen min om å begynne eit nytt og betre liv i dag fekk dermed ein dårleg start. Men,men, kvifor gjere i dag det ein kan utsetje til i morgon?

7.1.10

Det er kaldt her, rull over..

.. og de rullet seg rundt og en falt ut...

Eg trur eg var den som falt ut. Kaldt er det i alle fall her. På kjøkkenet puster eg frostrøyk og på badet hakker eg tenner. I stova har eg endelig greid å få temperaturen opp i litt over 18 grader(etter at ovnen har stått på fullt i over eit døgn og eg snart har fyrt opp dei to posane med ved eg tok med meg frå Sotra).


Sjølv om det er kaldt her har eg ikkje så mykje å klage over. Eg har husrom, varme klede, omn og pengar til å betale straumrekninga. Det er nok av dei som ikkje har det. I Bergen er det faktisk 669 heimlause.
Dei har grunn til å klage...

22.12.09

Då har mobilen min for alvor begynt å synge på siste verset. Det kan hevdas at den har vore på veg nedover ganske lenge, men eg har valgt å kalle det personlighet, ikkje feil. Dei siste dagane har eg likevel måtte innsjå at denne personligheten er i ferd med å ta overhånd. At mobilen plutselig, i rein glede, lyser opp i den tru at eg har kobla til headsettet, det kallar eg sjarmerande. Det at den nekter å la meg prate i telefonen utan over høgtalar, det minner meir om trassalder(hmm.. der har vi ein tanke. Telefonen er vel faktisk omlag så gamal. Kanskje den berre er kome i trassalderen? Vil det seie at den vil kome over det med litt tolmod og tillit??)

Uansett, i lengda blir det litt slitsamt om alle samtalar skal føregå over høgtalar. Ettersom telefonen har vist dette nye personlighetstrekket over fleire dagar no har eg begynt å gi opp håpet om at det berre er ein fase. Eg er redd det nye trekket er kome for å bli. Eg har difor bestemt meg for å kjøpe ein ny telefon. (Skjønt, eg lurer på om eg skal vente til etter julaftan, for eg reknar jo sjølvsagt med at eg vinn telefonen som er ein av hovudpremiane på gjerrigknarken sin julekalender :P). Dette bringer meg over til poenget med dette innlegget. Eg treng hjelp. Kva telefon bør eg kjøpe? Har du noken gode tips? Ein telefon du vil anbefale? Ein du vil fraråde?

Eg vil helst ha ein Sony Ericsson, den skal ikkje vere for dyr, gjerne ha eit OK kamera, vere liten og lett... jah.. eigentleg veit eg ikkje heilt kva eg vil ha. Det var liksom ikkje i planane mine at eg skulle ha ny telefon no. Så derfor treng eg all den hjelpa eg kan få;)

Legg at tipsa dine i ein kommentar, send meg ein melding (den kjem mest sannsynleg fram, men mobilen min liker å lure meg til å sende meldingar to gonger so om du får dobbelt svar veit du kvifor:P), er du riktig vågal ringer du(men eg tar ikkje ansvar for kven som kan kome til å overhøyre den samtalen:P)...

17.12.09

Ferie :D

Då har eg endeleg fått ferie utan hermeteikn. Har nett kome heim frå årets siste arbeidsgruppe. Herlig! Då eg skreiv dei førre innlegga trudde eg at eg måtte skrive oppgåva innan måndag, men i ettertid har det vist seg at den ikkje skal inn før 11. januar! Herlig!!

Nett no strøymer eg rett nok over av glede og inspirasjon, så eg tenkte faktisk eg skulle skrive mest mogleg no. Det hadde tross alt vore greit å få den unna før jul slik at eg slepp å ha den hengande over meg. Men vi får sjå kor langt inspirasjonen rekk:P

Når inspirasjonen tek slutt tenkte eg å gå ut og handle dei siste julegåvene. Skal bli godt å få det unna og :) Når det er gjort gjenstår det berre å pakke alt pikk-pakket eg skal ha med meg heim, vaske nokre maskiner med klede, vaske gangen og leiligheita og så er eg klar for jul. Heldig som eg er blir eg henta av mamma og pappa i morgon. Blir herleg å sleppe å dra alt med seg på bussen, det ville nemleg fort blitt tungt og bale :P

Vel heime skal eg hive meg rundt med julebaksten. Då skal det bli kakemenn, kokosbollar, risbollar og peppermyntekonfekt på løpande band! Gleder meg :D

8.12.09

vilikkjevilikkjevilkkje

Eg vil ha ferie! Eg vil legge vekk lovsamlinga og far og sønn falkanger. Eg vil krølle saman utskrifter av rettstidene og rådsegn, mønsterbesvarelser og sensorveiledninger. Eg vil, men eg kan ikkje. Ikkje enda, ikkje i dag, ikkje i morgon. Men på torsdag, på torsdag får eg endelig lov, ja utenom lovsamlinga då.. den må eg vist dra rundt på ei veke til (jf. forrige innlegg.)

Eg er lei av tingsrett, lei av å tenke på eigedomsrett, grensene for den, bruksrettar, hevd, sameige, servituttar, ordlyd, forarbeid og rettspraksis. Eg vil ikkje ha eksamen på torsdag. Eg vil ha ferie! No!!!

tirsdag-onsdag-eksamen :S

tirsdag-onsdag-eksamen-juleferie?

Neida.. jusstudentar treng ikkje ferie. Det kan i alle fall synest som om fakultetet meiner det. Her snakkar vi eksamen på torsdag, inføringsforelesning i nytt fag på fredag. Ferie kan vi sjølvsagt ikkje få før den 21. Det er jo klart. Dei må jo sikre seg at vi rekker å begynne på det nye faget før ferien, slik at vi kan utnytte "fridagane" til å lese. Om ikkje kunne dei jo risikert at vi tok ein liten pause frå studeringa, det hadde jo vore for gale...

2.12.09

Kvifor?

Kvifor blir oppsummeringsførelesning, faglunsj og manduksjon lagt til same dag?
Hovudet mitt er fullt :(

1.12.09

1. desember

Det er rart kor mykje lettare det er å stå opp når ein veit at det ligg ein kalenderpakke og venter...

29.11.09

Fryd og glede!

Eg fann eg fann!
Kva fann du?
Armbandet mitt!

:D :D :D :D :D

26.11.09

Fjortisfakter

You can't trust vampires... Trust me. (Edward)

It would be nice to not want to kill you all the time. (Jasper)

Guess, the wolf's out of the bag. (Jared)

I'm not technically breaking any of his rules. He did say never to take a step through his door, but I came in through the window. (Edward)

Jasper... No fair with the mood control thing. (Bella)

25.11.09

Neste veke?

Er det for seint å begynne det nye og betre livet neste veke?