17.12.09

Ferie :D

Då har eg endeleg fått ferie utan hermeteikn. Har nett kome heim frå årets siste arbeidsgruppe. Herlig! Då eg skreiv dei førre innlegga trudde eg at eg måtte skrive oppgåva innan måndag, men i ettertid har det vist seg at den ikkje skal inn før 11. januar! Herlig!!

Nett no strøymer eg rett nok over av glede og inspirasjon, så eg tenkte faktisk eg skulle skrive mest mogleg no. Det hadde tross alt vore greit å få den unna før jul slik at eg slepp å ha den hengande over meg. Men vi får sjå kor langt inspirasjonen rekk:P

Når inspirasjonen tek slutt tenkte eg å gå ut og handle dei siste julegåvene. Skal bli godt å få det unna og :) Når det er gjort gjenstår det berre å pakke alt pikk-pakket eg skal ha med meg heim, vaske nokre maskiner med klede, vaske gangen og leiligheita og så er eg klar for jul. Heldig som eg er blir eg henta av mamma og pappa i morgon. Blir herleg å sleppe å dra alt med seg på bussen, det ville nemleg fort blitt tungt og bale :P

Vel heime skal eg hive meg rundt med julebaksten. Då skal det bli kakemenn, kokosbollar, risbollar og peppermyntekonfekt på løpande band! Gleder meg :D

2 kommentarer:

Sheik Eik sa...

Gratulera Liv Grete!:)
Dette høyres meget bra ut! Eg kan melde om iskalde tilstandar i Uskedalen.. No har eg nett fått fyr i omnen, så no er det berre å venta på varmen:)

Karoline Sofie sa...

Gratulera med ferie! :) Med all den baksten trur eg at eg rett og slett skal ta meg ein snarvisitt innom deg i jule ;) Nam nam!