22.12.09

Då har mobilen min for alvor begynt å synge på siste verset. Det kan hevdas at den har vore på veg nedover ganske lenge, men eg har valgt å kalle det personlighet, ikkje feil. Dei siste dagane har eg likevel måtte innsjå at denne personligheten er i ferd med å ta overhånd. At mobilen plutselig, i rein glede, lyser opp i den tru at eg har kobla til headsettet, det kallar eg sjarmerande. Det at den nekter å la meg prate i telefonen utan over høgtalar, det minner meir om trassalder(hmm.. der har vi ein tanke. Telefonen er vel faktisk omlag så gamal. Kanskje den berre er kome i trassalderen? Vil det seie at den vil kome over det med litt tolmod og tillit??)

Uansett, i lengda blir det litt slitsamt om alle samtalar skal føregå over høgtalar. Ettersom telefonen har vist dette nye personlighetstrekket over fleire dagar no har eg begynt å gi opp håpet om at det berre er ein fase. Eg er redd det nye trekket er kome for å bli. Eg har difor bestemt meg for å kjøpe ein ny telefon. (Skjønt, eg lurer på om eg skal vente til etter julaftan, for eg reknar jo sjølvsagt med at eg vinn telefonen som er ein av hovudpremiane på gjerrigknarken sin julekalender :P). Dette bringer meg over til poenget med dette innlegget. Eg treng hjelp. Kva telefon bør eg kjøpe? Har du noken gode tips? Ein telefon du vil anbefale? Ein du vil fraråde?

Eg vil helst ha ein Sony Ericsson, den skal ikkje vere for dyr, gjerne ha eit OK kamera, vere liten og lett... jah.. eigentleg veit eg ikkje heilt kva eg vil ha. Det var liksom ikkje i planane mine at eg skulle ha ny telefon no. Så derfor treng eg all den hjelpa eg kan få;)

Legg at tipsa dine i ein kommentar, send meg ein melding (den kjem mest sannsynleg fram, men mobilen min liker å lure meg til å sende meldingar to gonger so om du får dobbelt svar veit du kvifor:P), er du riktig vågal ringer du(men eg tar ikkje ansvar for kven som kan kome til å overhøyre den samtalen:P)...

1 kommentar:

Sheik Eik sa...

Sjarmerande tullefon Liv Grete!:) Eg har ikkje så god oversikt over gode og mindre gode mobilar for tida...for ikkje å snakke om dei ein absolutt ikkje bør kjøpe..Men det har seg slik at eg har ein bror som er veldig inne i dette.. Så eg skal høyre med han (han som går på BiG), og så kjem eg tilbake til deg med svar innan eit par dagar eller timar:)