På Dragefjellet er det ein viss standard som gjelder. Med tanke på klesstil, smykker, hår, sminke osv. meiner eg. Eg har vel aldri heilt hatt inne denne stilen, men hittil i år har eg i det minste prøvd å ikkje skille meg for mykje ut fra mengden. I dag gjekk denne kampen tapt. Når eg vakna i dag tidleg var det nemleg berre ein ting som frista å kle på seg, og det var joggebuksa og Høgtun genseren min. Mascaraen lot eg ligge i fred, og håret drog eg ein børste gjennom og tenkte "whatever" før eg gjekk ut døra. På beina hadde eg dei gamle stygge og utslitte joggeskoa mine, så eg var vel neppe eit godt eksempel på ein gjennomsnittleg jusstudent der eg kom gåande. Tidlegare i haust ville eg nok skjemst berre verre, og egentlig følt meg ganske ukomfortabel der eg gjekk. I dag kunne eg ikkje brydd meg mindre.
Plutselig slo det meg at eg har begynt å føle meg heime på Dragefjellet.
Skremmande...
3 kommentarer:
ååååå, du er så GOD!!!!
lenge leve joggebuksen. jeg har prøvd febrilskt hele høsten på å innføre denne moten i molde på juss'en....men det synes som om mine tilhengere kun er de som går sports management...
og den gjengen ser jo til og med bra ut i joggebukse.....
men jeg har ikke gitt opp...
kanskje jeg tar opp kampen sammen med deg på Dragefjellet til høsten:)
Det syns eg var ein god ide! Du og joggebuksa di vil bli tatt i mot med stor glede! :D
Hoho, fantastisk!
Eg ville vært mindre redd juss-studentar dersom dei oftare gjekk i joggebukse ;)
Legg inn en kommentar