Haloooo! Er det nokon der ute? Har de ikkje fått med dykk at jula er over? Det er på tide å pakke sakene sine og komme tilbake til Bergen. Ta fram skulebøkene, sett dykk ved pulten, skru på dataen, begynn å skriv oppgave, gi det opp og skriv ein blogg i staden....
Trur aldri eg har opplevd at det har vore så lite liv på så lang tid på så mange av bloggane eg les! Eg kjeder meg! Forstår de ikkje? De må hjelpe meg, gi meg litt inspirasjon, litt glede innimellom all frustrasjonen over manglande konsentrasjon, håplause oppgåver og ein eksamen som kjem nærare og nærare uten at eg føler meg det minste meir forberedt på den.
Når de først er i gang med å leve det sosiale liv på verdsveven kan de godt legge att ein kommentar på bloggen min og. Teljaren beveger seg så smått, så eg veit trass alt at nokre av dykk er innom i ny og ne. De kan godt begynne å leve livet på facebook att og, det er så utrulig dødt der for tida... (eller er det berre eg som sjekker litt for ofte når eg sit her og "les"??)
PS: Eg er eit svakt, svakt menneske (jf. forrige innlegg)
PS2: melkesjokolade er godt:D
3 kommentarer:
jeg har oppdatert. med et sinte-innlegg:)
...ser jeg deg på ettårstreffet til helgen? jaaaa, vær så snill:)
weee... Endelig litt action her!
Eg skal nok ikkje på ettårstreffet nei:( skulle ønske eg kunne, men sidan eg har eksamen fredag i neste veke trur eg eg bør holda meg heime... Du harkje nåken gode tips til koss eg skal lære mest mulig forvaltningsrett på 8 dagar vel?? Eg begynner å få litt panikk her...:S
Nei men kjære deg, har du gått på spar og kjøpt melkesjokolade?? Hehe, det e veldig lov det midt i eksamenstiene.. Det e den einaste trøsten og gleden ein har (nesten vartfall).. Lykke te;) Ska tenka på deg midt oppi telemarksvingane:P
Legg inn en kommentar