18.1.09

Provosert

Les denne artikkelen på dagbladet.no og bli provosert du og.

Det er heilt fjernt at jenter der må sjå skulane sine bli sprengd i lufta mens eg tar det som ein sjølvsagt ting å få støtte av staten til å gå på universitetet.

Det er heilt fjernt at eg sit på dragefjellet og blir undervist i forsvarlig saksbehandling mens der risikerer ein å bli henretta om ein danser eller går på markedet utan slør.

Det er heilt fjernt at vi nordmenn har samvittighet til å klage så mykje som vi gjer. Vi har det fantastisk godt! Sjølvsagt er det ting som ikkje fungerer her i landet og, og mange har sin fulle rett til å klage, men eg tar i alle fall meg sjølv i å klage urettmessig mykje. Eg har ingenting eg egentlig kan klage over med god grunn om eg ser det i den store samanheng. Likevel klager eg over den minste lille ting. Eg er eit bortskjemt menneske!

Vi lever i ein sprø og urettferdig verden...

Ingen kommentarer: