13.1.09

eksamensnerver?

Dei siste dagane mine har nervene mine hoppa opp og ned som ein hyperaktiv 2 åring. I det eine øyenblikket tar eg livet med ro og seier med stor sjølsikkerhet, "det ordner seg alltid til slutt". I det neste øynblikket er eg panisk, eg ser verden raser saman rundt meg av den enkle grunn at eg ikkje hugser om eg har ordlydstolkningen fra mitt eige hovud eller fra forarbeidene. Når eg ikkje ein gang hugser det, korleis skal eg då klare meg på eksamen?? Under følger ein kort oppsumering over korleis tilstanden har vore i generelle hovedtrekk dei siste dagane.

Søndag: Eg hadde totalt panikk og var overbevist om at eg kom til å dø av eksamensangst eller det som verre er innan fredag. Om eg mot formodning kom til å overleve så lenge at eg fekk tatt eksamen kunne eg like godt latt vere sidan eg uansett ikkje hadde den minste kontroll over forvaltningslova.

Mandag: Etter ein gjennomgang av heile forvaltningslova saman med Ane søndags kveld var eg mandag roen sjølv. Eg hadde dessuten "eksamen" på lesesalen og fann ut at det er mulig å komme seg gjennom ein heil eksamen på seks timer. Ein gjennomgang av det eg hadde skreve viste dessuten at eg ikkje var heilt på viddene. Dei kommenterte a-besvarelsene i eksamensheftet inneholdt videre ganske mykje rart, noko som var betryggande.

Tirsdag: Repetisjonsforelesning. Eg og Ane kjem til skulen eit par minutt over 8. Auditorium 1 er allereie overfylt. Vi får til slutt plass høøøøgt oppe. I pausen får vi forklaringa på kvifor det plutselig er så fullt. Heile 75% av kullet over oss skal ta eksamenen opp att. Eg som trudde maset om normalfordeling og at det var umulig for førsteårsstudenter å få ein anstendig karakter var overdrevet, får eit skikkelig slag i trynet. Korleis kan eg, som aldri har hatt ein juridisk eksamen før, kunne konkurrere med 2.årsstudentane som har så mykje meir erfaring enn meg. Normalfordeling er noko tull! Eg dett tilbake til søndagens modus, total panikk!

Etter litt bearbeiding av informasjon har eg etterkvart roa meg ned att. Om det går totalt skeis på fredag får eg vel bare innsjå at eg, som arbeidsgruppelederen min så fint sa, bare får litt meir å gjere i juleferien til neste år. Erfaring tilseier visstnok at eg vil få følge av mange av medstudentane mine...

2 kommentarer:

Miriam sa...

Eg skjønar tilstanden din, det er liksom ikkje noko som skal til før ein vert vippa av pinne!
Lukke til!
Eg tenkjer på deg:)

Anonym sa...

det viktigste er å legge fra seg nervene hjemme når du drar på eksamen. hold hodet kaldt.
jeg møtte foreleseren min for å få litt oppgreiing i sakene, og hun sa at jeg hadde tatt med for mye i besvarelsen.
hold deg til faktum og hiv jussen på faktum, ikke mer.

-Ta med vann/kaffe og litt mat
- DEN RØDE BOKEN
- ro deg ned...

Jeg tipper det går veldig bra for deg...
Og husk at perfeksjonister tar opp igjen eksamen over en lav sko når de ikke er helt fornøyd. Poenget mitt er at de sikkert bare tar opp igjen eksamen fordi de fikk B og ikke A. Har hørt det er normalt...:)
Jeg fikk c og har lyst å ta den opp igjen...........