Eg er i ferd med å verte gamal! Om ei veke fyller eg nemleg 22 år. Du synes kanskje ikkje 22 er ein alder å bekymre seg så mykje over, men eg er overbevist om at det er det. Eg er nemleg døden nær. Høyr berre her:
for eit år sidan var eg halvvegs til 40, i dag er eg halvvegs til 42 og om ei veke er eg faktisk halvvegs til 44! Ikkje nok med det, når eg er 44 er det berre eit år til eg er 45 og når eg er 45 er det jo berre 5 år til eg er 50! Når eg har nådd det runde talet 50 er eg faktisk komen så langt at eg er halvvegs til 100, og når eg er 100 år er eg etter all sannsynlighet død.
Dette logiske resonnementet talar for seg sjølv. Eg er døden nær...
2 kommentarer:
d e heilt sant :) hehe... du nærmer dæ stygt 100 :S
då ska eg sei deg noko Liv Grete, eg e meir død enn levande i forhold til deg, sio du berre blir 22. Eg e nok desverre(?) inne i mitt 27.år no, så då ligge eg tynt an!!;)Lene K
Legg inn en kommentar