27.1.09

Domsanalyse i et rettskildeperspektiv?

I dag var eg på første arbeidsgruppe i juridisk metode. Ettersom eg alltid blir litt handlingslamma når eg ikkje heilt veit korleis eg skal angripe ting havna eg her på bloggen. Dette etter at eg har oppdatert meg på fjesboka og lest lange diskusjonar om kva som kanskje, muligens kjem til å skje i dei neste episodane av one tree hill. Sidan eg rekner med at alle lesarane mine er like opptatt av one tree hill som meg(?) kan eg opplyse om at det no blir spekulert i at det kjem til å komme ein sesong 7 og. For serien sin eigen del håper eg dette ikkje er tilfelle. Dei har problem nok med å få framdrift og spenning i dei resterande episodane av denne sesongen så eg trur kanskje det er på tide å stoppe mens leiken er god.

For særleg intereserte kan eg opplyse om at bossbilen står rett utanfor vinduet mitt for øyeblikket. Kan tenke meg at de syns det var spennande å få vite...

I dag fekk eg studentpakke på vei ut av fakultetet. Alltid kjekt med gratis ting, men eg syns godt dei kunne lagt litt meir sjokolade oppi. Eg har jo allerede spist opp min jo:( Hmm.. kanskje eg skal gå opp att på skulen ein tur...

Når ein skriv domsanalyse i eit rettskildeperspektiv er det veldig viktig med ein ryddig og logisk oppbygging. Som de ser er eg veldig god på det, så det blir nok ikkje noko problem i det heile.

trallalalllalalllalallla.... no kjørte bossbilen...

ehh.. ja, då trur eg det er best å sei takk for meg! Snakkes!

1 kommentar:

Andreas sa...

Det var jammen godt bossbilen var der, så du kunne få rydda unna litt, siden det var så viktig med ryddighet når du skrev om "domsanalyse i eit rettskildeperspektiv."
Lykke til. ;)