19.5.09

I dag gjorde eg det igjen. Kom på det halvvegs borti Nøstegata. Litt over halve rundstykket var borte (ja, eg et frukost på veg til skulen. Kva gjer ein ikkje for ti min ekstra i senga?) og eg fekk lyst på ein slurk kaffi. Det var då eg innsåg det. Koppen var ikkje i handa mi, koppen stod att, einsam og forlatt, på kjøkkenbenken. Rådvill snudde eg meg rundt, såg med lengsel mot kjøkkenbenken der oppe. Såg på klokka, snudde meg att og fortsatte mot skulen. Det var ikkje tid. Kunne ikkje kome for seint pga ein kopp kaffi, det ville vore for dumt. Nokre usikre skritt mot Dragefjellet seinare hadde eg ombestemt meg igjen. Kva gjorde det vel om eg kom for seint? Kaffien var viktigare. Eg kjente på meg at dagen kom til å bli dårlig utan dei svarte dropene. Måtte ha dei, berre måtte ha dei.

Eg gjekk fort til skulen i dag.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Og du skulle ikkje bli avhengig av kaffe sa du???

Karoline Sofie sa...

Ai ai ai...ikkje bra liv grete! Eg som trudde du hadde skjønt da, kaffi=gift...Eg trur nok eg aldri kjem til å koma heilt øve detta...Eg skylde på meg sjølv! Eg sko ha stoppa Bjørnar i å gje deg den vetle koppen den fatale kvelden...

livilaiv sa...

eg er ikkje avhengig, berre litt glad i kaffi? Uff... eg merker eg har havna utpå kjøret her, ekje bra. Men,men, eg trøster meg med at eg ikkje er blitt like galen som mamma enda :P

Anonym sa...

Tja ...
Helsing anonym mamma