7.10.09

om under eit døgn

skal de sleppe å bli plaga av meir prat om risikoens art og grad, sannsynet for å dette ned frå verandarekkverk, sjansen for å få varig hjerneskade av å tryne an på eit vått gymsalgolv, det moglege objektive ansvaret Peppes ville fått dersom den tunge veggpryden plutseleg datt ned og traff meg i hovudet osv. osv.

Om under eit døgn er eg ferdig med eksamen i erstatningsrett. Håper eg... kanskje får eg ein fin sommar med vekselvis Lødrup og Nygaard på fanget, men den tid, den sorg.

Eventuelt kan eg peile meg inn på ein profesjonell karriere som stolsnurretester. Eg har opparbeida meg ein viss spisskompetanse på dette området dei siste vekene nemleg. (kven var det som kom på å ha snurrestolar på lesesalen?)

Neida, livet er bra det. Sjølv om det ofte høres slik ut på meg så er ikkje studiet alt, og ein eventuell dårlig karakter kjem ikkje til å ta livet av meg. Sola skin ute og som innbyggar i Bergen kan ein jo ikkje gjere anna enn å sjå lyst på livet då. Trur eg snart skal gå meg ein tur i det fine haustveret. Eg anbefaler deg å gjere det same. Berre sjå opp for gesimser og mønepanner som plutselig finn det for godt å dette i hovudet ditt...

1 kommentar:

Miriam sa...

Lykke til idag, snuppelura mi!!:D Dettane greie du fint:)