Den siste tida har livet mitt stått på pause. Oppvasken har hopa seg opp, klesvasken har nådd nye høgder, lesesalen har sett minimalt til meg, og søvn har vore nedprioritert. Medan livet mitt har stått stille har Harry Potter gått frå 11 til 17 år på ein-to-tre.
For første gang har eg lese heile serien i samanheng. Gjennom dei første tre-fire bøkene greidde eg å avgrensa tida eg brukte)til ein viss grad i alle fall), men når eg kom til femte var det gjort. Kvar ledige sekund, pluss ein del ikkje ledige vart brukt med boka framføre meg. Lesa kan ein gjere til frukost, middag, kvelds, når ein pusse tenna, etter ein har lagt seg, før ein står opp, som pause i oppgåveskriving, i staden for oppgåveskriving, osv.
Sjølv om det har vore fantastisk å følgje Harry er det nesten litt deilig å vere ferdig no. Det var herlig å stå opp i dag og faktisk komme meg på skulen i skapeleg tid i stadenfor å plutselig oppdage at dei fire sidene eg skulle lese medan eg åt frukost hadde vorte til fire kappittel...
I dag var eg på skulen tidlig nok til at eg rakk å sitje ei stund på lesesalen før eg gjekk på bønnemøtet(som eg aldri bruker å rekke), eg har hatt ein ganske effektiv arbeidsdag og føler at eg endelig har begynt å komme litt i gang med pensum(verken Ane eller Vibeke satt på lesesalen, så då var det ingen å ha pause med... jo forresten, eg hadde ein times telefonpause med Sissel som har bursdag i dag. GRATULERA!)
No har eg nett tatt oppvsken, eg har rydda og ordna på rommet, etter eg er ferdig her skal eg lage meg ovnsbakt laks til middag og so tenkte eg eg skulle bake eit brød eller to. Sjølv om eg har kost meg saman med Harry, Ron og Hermione den siste tida er det jammen meg deilig å kome igang med livet att og :P
4 kommentarer:
Godt å høyre Liv Grete:) Men tenkjer det var deilig å drøyme seg vekk litt og!? Du har i alle fall fått gjort meir enn meg idag! Hmmm...fekk igrunnen lyst te å lesa eg no:p
Eg skjønne so godt ka du meine! Har egentlig stått lika stille med pensumlesing og div anna skulerelatert arbeid hjå meg og. Og eg har ikkje Harry Potter å skylda på ein gong :p Trur eg må finna meg ei bok å lesa litt i no..for ka e vel hausten til, om da ikkje e for å lesa?;)
P.s. Ikkje lenge til tirsdagsmiddag! :D Weeeeeeee!
eg e gla du skreiv "ron og hermione", någe så tyde på at du har lest de på engelsk :D
Klart eg har lese dei på engelsk! Eg får heilt angst av tanken på å lesa dei på Norsk... Rumpeldunk og humlesnurr... treng eg sei meir? Noko sånt vil eg ikkje lida meg gjennom frivillig altså :P
Legg inn en kommentar