gå til mine bilder/mapper
velg den 6. mappen
finn det 6. bildet
sett bildet på bloggen og skriv litt om det.
inviter 4 nye og link til dem.
gi dem beskjed om utfordringen
Må sei eg vart litt frista til å juksa litt når eg såg kva bilde det vart, men ærleg som eg er kunne eg jo ikkje det. Der kan eg ha igjen for at eg er så dårlig på å sletta dårlige bilder etterkvart...
Dette er eit bilde av døra på hytta vår i Molde. Hytta ligg vakkert til heilt nede ved sjøen litt utanfor sjølve byen. Kvar einaste sommer heile livet mitt har eg feriert der, og det er mitt sanne paradis på jord! Ingen plass slapper eg så godt av som der. Eg trur eg har gode minner knytt til kvar ein kvadratmeter av tomta og kvar einaste lille gjenstand, både inne og ute, har sin historie.
Dei siste åra har eg feriert på hytta aleine. Dette fordi mamma og pappa må reise oppover når dei har fri, nemleg i fellesferien, medan eg då er midt i sommerjobben min. Uansett, mange har lurt på kva i all verda eg gjer på når eg er der heilt aleine. Det har i grunnen aldri vore noko problem. For det første får eg god tid og masse av ro til å lese bok på bok, for det andre bur bestemor og bestefar i Molde, for det tredje har eg diverse venner som stikker innom og for det fjerde har eg eit speilreflekskamera som det er artig å leike seg med. Bildet over er eit resultat av det.
Bildet er berre eit i ein lang serie bilder av døra og dørhammaren i ulike vinklar. Alle er kanskje ikkje like heldige, og dette var vel langt frå det beste. Kanskje er det ein litt sær ting å ta bilde av ei dør, men for meg er den døra heilt spesiell og eg hadde lyst å fange den spesielle følelsen og gleden eg får når eg ser den døra framfor meg. Diverre var det lettare sagt enn gjort...
Dei eg utfordrer er:
Solveig
Erling
Andreas
Lene
4 kommentarer:
Fine døra, og fine hytta:) Takk for nydeleg melding her om kvelden, gjett kven som sakna deg MAKS da?!?!
Gla' i dæ, snuppa:)
Hurra for deg som fyller ditt år ...
Gla i deg og Miriam!
Tusen takk anonym...
GRATULERER MED DAGEN! og konge innlegg!:) du vet å sette ord på det.
Legg inn en kommentar