Eg har fått meg skriver. Det er vel og bra, praktisk å kunne skrive ut dommar og andre ting eg treng til skulearbeid utan å måtte krangle med skrivarane på skulen. Dei er nemleg ofte lite samarbeidsvillige. Det som er litt kjedelig er at min nye, fine skrivar og er lite samarbeidsvillig. I alle fall vil han ikkje samarbeide med meg. Eller kanskje det er dataen min han ikkje liker, uansett, han nektar å skrive ut noko som helst. Eg har krangla litt med skrivaren i dag. Me er for å seie det mildt ikkje akkurat gode vener nett no.
Kanskje burde eg heller retta sinnet mot dataen eller meg sjølv, eg trur nemleg det er hos ein av oss feilen eigentleg ligg. Men ettersom skrivaren er den yngste her i huset, og eg dessutan ikkje har fått eit like kjært forhold til den som eg har til dataen enda, er det nok den som må ta støyten for no. Kanskje er det derfor han nektar å samarbeide? Eg og blir lite samarbeidsvillig når eg føler meg urettferdig behandla... hmm..
Sit du no og tenker "hjelpes, kor lite teknisk går det an å være, klarer ho ikkje ein gang installere ein skrivar?" er du hjartleg velkommen til å ta ein tur og vise at du er meir teknisk enn meg. Kom gjerne så fort som mulig...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar