No viser batteriet på dataen min 33 %. På tide å sette i ledningen tenker du kanskje. Ja, det skulle eg gjerne gjort. Det er berre det at eg veit ikkje heilt kor forsvarlig det er. Tidligare i dag kjende eg nemleg plutselig ei rar lukt. Etter litt sniffing rundt om kring kom eg fram til at den kom fra dataen min. Tilfeldig rørte eg ved ledningen. Den var heilt lealaus. Eg tok han ut, prøvde å rikke på metalldingsen... AU! Eg brann meg! Når eg såg litt næmare etter oppdaga eg at plasten heilt framme på tuppen var smelta... Ikkje eit sunnhetsteikn for ein 4 år gammal Pc trur eg. Mamma har gitt meg forbod mot å stikka ledningen inn att, so no sit eg her og venter på at batteriet til min kjære skal døy ut.
26% gjenstår
Koss skal eg greie meg uten min kjære følgesvenn? Er stygt redd for at eg må til Sartor eller Åsane og kjøpe meg ein ny "kjære" snarast mogleg. Fram til eg kjem så langt kjem livet til å bli hardt! Eg kjenner meg allereie isolert frå omverda...
22% gjenstår
(Om nokon har geniale tips om kva for data eg bør kjøpe så er det berre å ta kontakt (fortrinnsvis på mobilen..) eg treng alle tips eg kan få ettersom eg sjølv har særs liten peiling på sånne datagreier...)
17% gjenstår
Takk og farvell kjære! Hvil i fred!
2 kommentarer:
Trist å høre om maskinen din :-(
Men den var jo så gammel, at det var vel på tide med en ny følgesvenn uansett.
Eg ska se om det finnes noen bra tilbud på markedet. Men det du vil se itte e ein som har skjerm med høg oppløsning. Om du finne to som virke nokså like, så ta den med størst oppløsning. Og te ditt formål så e vel enten 13.1, 14.1 eller 15" det besta valget. 17" kan bli litt stort, i hvertfall om du vil ha han med på skolen osv.
Lykke te i jakten!
17" e litt stort ja, da ska vera sikkert og visst, men da va den som va billigst, so då vart da den... Fin e an vaffal :D Får heller vurdera å kjøpa meg ein sånn minipc ein dag eg blir rik;)
Legg inn en kommentar