27.10.08

Gratulerer med dagen Sissel!


I dag fyller verdens beste bestevenn 21 år. Sia ho er ein av mine trofaste lesarar synes eg ho fortjener ein hyllest her på denne store dagen!

Verdens beste bestevenn

Sissel, du er fantastisk! Eg hadde vore eit fattigare menneske hadde eg ikkje hatt deg i livet mitt. Uansett kor, korti og kvifor eg treng å snakke med deg, stiller du opp. Det er ikkje alle som er så heldige at dei har ein som deg! Eg er så glad for at eg no er på same plass som deg igjen. Riktignok har ikkje mobilrekningen blitt noko mindre, heller tvert i mot, men kva gjer no det når eg får muligheten til å henge med deg så ofte som eg gjer no? Du er og blir eit evig tidssluk Sissel. Når eg er med deg synes tida å forsvinne ut i intet. Me kan bruke time på time uten å egentlig få gjort noko som helst anna enn å bare henge, utrulig herlig (sjølv om det innebærer at eg til slutt bare må gå og legge meg utan å få gjort noko mens du blir sittande oppe heile natta (beklager det forresten...)).

Gratulerer så mykje med dagen Sissel! No er du og halveigs til 42, tenk det, me er i ferd med å bli gamle... Eg gleder meg til i kveld og til mange fleire stunder i tidssluket med tull, fjas, gode samtaler, alvorlige samtaler, speling, morro og kos.


Eg er kjempe glad i deg!


Stor klem fra meg

Ingen kommentarer: