21.10.08

ting ein ikkje bør gjere når ein skal skrive oppgåve

  • sette vekkerklokka på slumring.
  • lage seg noko godt til frukost og nyte den medan ein les litt i ei bok
  • lese litt meir i boka sidan den var så spanande
  • ta ein lang dusj for å vakne skikkelig
  • gå på internett for å finne fagstoff(skal bare sjekke... først...)
  • skrive blogg
  • lage seg ein god lunsj
  • lese litt i boka medan ein et
  • lese litt meir i boka sidan det var så spanande

Hmm... dersom eg skal bli ferdig med denne oppgåva trur eg eg må kaste all skjønnlitteratur eg har, fjerne internettilkoblinga mi, slutte å ete og ansette ein person til å dra meg opp om morgonen...

Konklusjon: ansvar for eiga læring er skumle greier.

Ingen kommentarer: