Dagbladet trilla to, VG og aftenposten trilla tre og BA og Nettavisen trilla fire. Eg er spent. Spent på kva dom eg kjem til å gje. Er eg så djupt inni historia, så kjenslemessig engasjert i Bella, Edward og Jake at eg kjem til å leggje godviljen til og oversjå det som er mindre bra? Eller er eg så forventningsfull, så bestemt på korleis det skal vere, korleis det skal sjå ut, at eg kjem til å stille meg kritisk til alle val filmskaparane har gjort?
Eg håper eg kan seie meg einig med BA og Nettavisen, eg fryktar at terningen min kjem til å lande nærare VG eller Dagbladet .
23.58 skal eg sjølv begynne å trille terningen, så får vi sjå i morgon kva den landar på.
1 kommentar:
Eg gler meg! :) EG skjønar veldig kva du meiner. Om eg kjenner meg sjølv rett så er eg nok altfor kjenslemessig inni historien til at filmen kan stå til forventningane mine. Så eg kjem nok til å bli skuffa, men så vel eg nok å oversjå det og lika den likavel :p hehe..rart med det! ;)
Legg inn en kommentar