Kjære lesesalsgur nr 1. Eg forstår at du er stressa over strafferetten og at tyggistygging er ein avslappingsmåte som funker for deg. Trur du likevel du kanskje kunne klart å lukke munnen din medan du slafser på tyggisen din?
Kjære lesesalsgut nr 2. Musikken du høyrer i hovudet ditt er sikkert fin den, men bere så du veit det så er ikkje takttrampinga di like kjekk å høyre på medan ein desperat prøver å rette konsentrasjonen sin mot dei naborettslege spørsmål flyplassutbygging reiser. Trur du kanskje du kunne klart å halde foten din stille, eventuelt trampa litt mindre hardt?
Om de finn det vanskeleg å innfri ynskja mine, kunne de i det minste samkjøyrd dykk så de trampa og slafsa i takt??
Ver så snill!?
Eksamenshverdag
18 timer siden
5 kommentarer:
Nåååh! Stakkar deg Liv Grete! Det skal ikkje alltid vera enkelt å sitja på lesesalen nei! :/ Håpar at lesesal gut 1 og 2 les innlegget sånn at du får fred og konsentrasjon:)
Hihi, makan til folk! Når eksamenstida nærmare seg søkjer eg tilflukt heime eller evt på biblioteket, der folk er langt meir nøye på å vere stille. Lesesalbråk er heilt utruleg irriterande!
PS! 1 veke og 2 dagar til BERGENSTUR!!:D
Weeee!!!! :D :D :D :D :D
off, eg føler med deg. du har min dypeste medkjensle
Ush a mei!
Eg skjønna irritasjonen din!
Et hett tips! - kanskje du bruk det allerede, men eg finn det absolutt nødvendig med øreproppa til lesesalstøy. Eg bruka sånne voksøreproppa, og de funka veldig bra! - Litt småekkel, men det får bare vær ;) Ellers så har du jo standarden "sov i ro".
Legg inn en kommentar