12.8.06

syk og svak og dårlig bak

På tirsdag vakna eg etter forholda tidleg for å ta fatt på det eg då trudde skulle vere min nest siste fridag frå jobben. Eg merka snart at noko ikkje var heilt som det skulle, hovudet mitt sleit litt med å halde fylgje i svingane, og eg hadde en lei tendens til begynnande hodepine. Jaja, tenkte eg og prøvde å oversjå desse uvesentlige symptoma, eg er vel bere sliten.

Utover tysdagen, natt til onsdagen og onsdagen sjølv vart det klart at det slettes ikkje bere var trøtthet som forårsaka dei nevnte symptoma. Når mamma som hadde vore bortreist så kom heim tok det ikkje lang tid før eg vart beordra i seng. Sjølv hadde eg framleis eit svakt håp om at eg skulle vera i stand til å gå på jobb torsdags morgon, men når termometeret viste 39 grader rista mamma strengt på hovudet og vart tvungen til å ringe den allerede stressa sjukepleiaren på sjukeheimen, bere for å gjere ho enda meir stressa...

Torsdagen vart dermed dagen for min favorittaktivitet, legebesøk! Normalt ville eg nekta å settje litletåa mi over dørstokken til kva for legekontor det skulle vere, men då eg ikkje akkurat har vore arbeidstakar over lengre tid, trengde eg såkalla legeerklæring dersom eg ville innkassere sjukepengane eg etter velferdsstaten noreg har rett på. Legen spurde og grov, slik som leger ofte gjer, såg med lommelykt inn i ørane mine, lytta på lunger og hjarte før ho bestemde seg for å sjå ned i halsen min: Oioioi, sa ho, her var du godt raud ja, har du ikkje vondt i halsen? neeii, egentlig ikkje, svarte eg, som jo va sanninga og. Eg vart ført inn på laboratoriet og etter at ein blodprøve og ein q-tips liknande sak (som vart stukke ned i halsen min) viste at det ikkje dreide seg om noko bakterie, men derimot om eit virus, vart diagnosen satt til halsbetennelse. Sjølv syns eg det høyres litt underlig ut med halsbetennelse utan å ha vondt i halsen, men det er kanskje ikkje det?

Med meg ut frå legekontoret fekk eg eit rosa, eit gult og eit grønt ark, ei såkalla sjukemelding! Tenk det, eg e sjukemeldt!!! Syns dette er ganske morosamt eg, sjukemeldt frå ein sommarjobb liksom... jaja, sånn har det altså gått til at eg no sit i ein situasjon der eg får erfare velferdsstaten Noreg sin gavmildhet , sjølv kjenner eg meg eigentleg som ein snyltar, eg meiner eg løfter jo ikkje ein finger for dei pengane eg får. Eg får dei bere fordi eg eigentleg skulle arbeida fire dager mens eg er sjuk...Nei, det strider litt mot samvitet mitt, det er trass alt veldig mange som trenger pengane meir enn meg! samtidig må jo eg og innrømme at det hadde vore surt å ikkje få dei då, eg meiner eg skulle jo ha arbeidd, dersom eg bere ikkje hadde blitt sjuk...

Ingen kommentarer: