12.8.06

liten oppdatering

no når eg fust e i gong tenkte eg at eg skulle ta litt meir i samma slengen... Etter inspirasjon frå Kamilla velge eg å oppsumera det eg har gjort i det siste i form av ei liste:

1. Reiste til Skånevik
Eg, Ingunn M og Marie reiste på sosialweekend til Hilde Og Margunn. Her stakk me av med familien Johnsen sin seglbåt og drog på tokt til ei nærliggande øy. frå Fredag til søndag budde me her, søv i ein av lavoane til skånevikspeidarane og var ute i det strålande fine været heile dagane. Me bada(okey, ikkje alle bada like mykje, men eg og margunn va vaffal uti ein gong, etter at dei andre hadde reist då, men me va uti... enkelte av dei andre bada nok litt meir enn oss då...), spelte kubbespelet(eg e herved blitt hekta på dette, eit utrulig kjekt spel!), grilla og koste oss på all verdens måte! Det var bere ei heilt opptimal helg, heilt fantastisk på alle måtar! Tusen takk til Hilde og Margunn som inviterte oss og fiksa alt sammen, håpe me får da te te neste år og;)

2. Jobb
jobba,jobba,jobba...

3. UL!!!!!
Endelig va da tid for UL! DEt var utrulig kjekt å sjå så mange Framnesfolk altso, eg storkoste meg heile tida, og sjølv om eg ikkje kan seie at det var dei beste møtane og bibeltimane eg har vore på, so var dei kjekke dei og, ingenting slår når så mange står og synge "deg å få skoda" og "deg være ære"... heilt konge!
Men dei tinga eg kjem te å huska best frå UL e: Ligretto speling i matteltet(kjempekjekt! glede meg te neste gong eg får spela ligretto med deg Marta...), Minimarshmellowsgrilling og såpebobleblåsing med Anne, sosialkveldar utanfor teltet(det gjekk hardt utover smurfane til naboane våras...), og ikkje minst ei veke i telt med min fraskilte sambuar Sissel (kor mykje ein treng ha med seg for ei veke på leir er eit definisjonsspørsmål, eller kva Sissel)!

4. Jobb,jobb,jobb
og atter jobb... Hadde visst eit par fridaga og, dei har gått med til innkjøp av diverse ikea artikler +++, eg går jo trass alt enda eit internatår i møte...

5. Pakking
ehh... ja... Det skulle vore pakking i alle fall! Det har då "overraskande nok" (vil nokre av dåke sei i alle fall)ikkje blitt det heilt enda. Eg meiner eg vart jo trass alt sjuk... Eg skulle nemlig pakke på tirsdag og onsdag, men som de ser av innlegget under vart eg faktisk sjuk då! (tenk det, Liv Grete har faktisk ein unnskyldning for sin latskap!!!) No begynner det derimot å haste litt. Det har etterkvar gått opp for meg at dagen i dag er lørdag, og sjølv om eg ikkje begynner på Høgtun før neste søndag reiser eg faktisk til Molde på mandag. Eg har med andre ord berre dagen i dag og dagen i morgon til å pakke saman alle mine små(og store) saker... jaja, det nytter vel ikkje å stresse! me tar da på sikt, eller kva?

1 kommentar:

Kamilla sa...

Gleder mitt hjarte at du laga ei liste:) Og pakking- eg vert smårar...! Heldigvis veit du som internatbuar-endå-eit-år kordan det er:) Denna gongen skal jo både eg og du litt lenger vekk, så hos meg begrensar det seg ein smule.. Men vi klarer oss nok, ja...:)
Snax!!