eg trur eg kan slå fast at effektivitet ikkje er mi sterke side. I dag begynte eg nemlig ikkje på skulen før 10.15 og hadde difor store planar om å skrive litt på ei av dei tre oppgåvene eg skal levere i næraste framtid, før eg måtte dra meg opp på Dragefjellet. Kl 07.25 sang difor James Blunt for full hals at "you´re beautifull, it´s true" som eit sikkert teikn på at det var på tide å stå opp. Eg var derimot ikkje heilt enig og etter å ha hoppa ut av senga for å stoppe skrikinga til james tok eg difor med meg telefonen tilbake til senga og kraup godt under dyna i visshet om at det var heile 9 minutt til james ville synge for meg igjen. Når han så gjorde det gav eg han enda ein 9 min pause og snudde meg atter ein gong rundt i senga. Før eg visste ordet av det var klokka blitt 8 og eg skulle egentlig allerede vore igang med oppgveskriving i følge planen min. Motvillig drog eg meg sjølv opp av senga og forta meg som best eg kunne på badet. Etter ein kjapp frukost skulle eg nok komme igang med oppgaveskrivinga. Men den gang ei... frukosten vart ikkje så kjapp som eg tenkte då eg fekk for meg at eg skulle begynne dagen med ein liten nyhetsoppdatering på nettet. E forsåvidt ikkje noko gale i det, problemet var vel heller at eg ganske fort sklei bort i frå nyheter og over på andre ting. Plutselig var klokka blitt ni og eg hadde fremdeles ikkje begynt på oppgåva. For å betra på samvittigheten satte eg meg med arbeidsbordet mitt og opna word-dokumentet "obligatorisk øvingsoppgave Ex. Fac." i den tru at eg no skulle begynne. Etter å ha lest gjennom det eg allerede hadde skrevet, plussa på ein setning her, fjerna nokre ord der og litt sånn, oppdaga eg at klokka egentlig var så mykje at det ikkje var vits å begynne skikkelig. Plutseleg var eg i ferd med å skrive ein blogg om min mangel på effektivitet i staden. Bloggen vart sjølvsagt ikkje ferdig før eg måtte springe til skulen, så her sit eg igjen og sløsar vekk verdifull studietid på blogging. Jaja, sånn kan det gå, det er ikkje berre bra ting som kjem ut av at ein får internett i heimen;)
Nei, no får eg sjå om eg kan klare å lure meg sjølv til litt effektivitet. Har planer om å sjå film med Ragnhild seinare og jo fortare eg kjem i gang no, jo fortare kan eg jo ta fri med god samvittighet!
Forresten, om det er nokon som sit inne med gode argument for eller i mot at Gunnar Nordhus vart stoppa i ein politikontroll i storetveitvegen den 4. eller den 11 oktober 1986 tar eg gjerne imot dei. Eg blir også veldig glad om nokon forteller meg om Berit var innhabil til å avgjere om Vidar skulle få starte dyreklinikk. Enda gladere blir eg om nokon kan legge alle rettsgrunnlaga som er relevante på bordet og vise meg korleis eg kan binde dei saman på ein kort og konsis måte slik at det blir ein bra besvarelse ut av det... Om det også fins nokon der ute som ikkje skal på tur i helga og difor har god tid til å lage ein framføring som belyser spørsmåla 1) kva er ein rettsstat? 2) kva er kontradiksjonsprinsippet? og 3) på hvilke måter er kontradiksjon med på å sikre rettssikkerhet? for meg innan mandag blir eg evig takknemlig....
ikkje det? nei,nei, eg får vel gjere det sjølv då...
1 kommentar:
Kjenne te probleme ditt du.. Eg seie bare ære-være blogg når eg e på kjedelige forelesingar;)
Legg inn en kommentar