24.2.07

Miljøskada, eg?


Greitt, eg innrømmer det, eg er totalt miljøskadd. Etter snart fire år på internat har eg blitt meir eller mindre "internatisert" og det å flytte ut i verda, bort frå trygge tun kor det alltid er ei dør eg kan banke på dersom kjedsomheten tar meg, er ein skremmande tanke. Ja så skremmande er han, at eg ikkje har klart å få meg til å ta steget i år heller. Eg feiga ut frå det nye og skremmande og har bestemt meg for å halde meg til det gamle, kjente, kjære og trygge. Ja, det er sant, til hausten skal eg gå mitt femte internatår i møte...

Også på andre måter har dei fire siste åra påverka meg. Som de framnes(og ex-framnes-)elevar veit, er den kjære skulen vår prega av eit heller aktivt miljø. Dei tre idrettslinjane har nok sitt og seie, men også mange av allmennelevane går i den sportslige "fella". Eg klarte, som de nok hugsar, å holde meg langt unna denne snara. Utan problem holdt eg meg borte frå både volleyballvalgfag(ja, om ein ser bort frå glippen eg hadde i førsteklasse då... men det er så lenge sidan at det pratar vi ikkje om...), beach-volley, innebandy, aerobic, ja, det meste av sportslige aktivitetstilbud me hadde på vår kjære halvøy. Då eg ankom Høgtun hadde eg ingen planar om å endre på dette. Eg gjekk snart inn i identiteten som ekte multikunstnar, og som kjent er, ekte multikunstnarar driv ikkje med fysisk aktivitet... Men... etter tre og eit halvt år på skular der fysiske aktivitetar er ein stor del av både skuletilbodet og av elevmassen sine favorittaktivitetar måtte til og meg eg gje tapt. Plutseleg fann eg meg sjølv i fronten for kampanjen "fysisk aktivitet til multikunstklassen", eg klarte på underleg vis å lure meg inn i KRIK-Høgtun styret, og utan att eg sjølv heilt klarer å fatte korleis det gjekk til, eg søkte som stipendit på Idrett - ballsport linja... Kva tar de meg for, hæ? Liv Grete Rangnes på idrett - ballsport... Nei, verden er nok i ferd med å bli gal;- )

jaja, uansett, miljøskadd eller ikkje, eg skal altså vere stipendiat på Høgtun neste år, med idrett - ballsport som linje, og eg glede meg so sjukt! Det kjeme te å bli skikkelig bra altså, tru du meg:-D


Den eine gangen eg var med på noko idrettslig før jul, ja utanom gymmen då, så var det iført dette kostymet... forøvrig vann laget mitt, gamleheimen united heile greia, både turneringen og kostymeprisen!
(laget bestod då, ja uten at det egentlig har noko å seie, av tre ballsportelevar i tilleg te meg og Sissel...)

2 kommentarer:

Kamilla sa...

aiai!!mirakel skjer enda i vår tid;)hihi!! har trua på deg, eg!! lykke te!!
klemklem

Anne Severine sa...

Oii, gratulere Liv Grete! Må sei e e imponert! Lykke til vidare i den sportslige verda! hehe
Klem Anne